Stortorget i Oslo

Koordinatar: 59°54′45.824″N 10°44′42.864″E / 59.91272889°N 10.74524000°E / 59.91272889; 10.74524000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′45.824″N 10°44′42.864″E / 59.91272889°N 10.74524000°E / 59.91272889; 10.74524000

Oslo domkyrkje som ligg på adressa Stortorvet 1.
Foto: J. P. Fagerback
Fargelitografi av G.L. Fehr etter Peter Frederik Wergmanns måleri av Stortorget og domkyrkja frå 1830. Til høgre ser ein den offisielle byvekta som stod her til rundt 1870. Biletet syner domkyrkja med pyramidetak slik ho såg ut innan Alexis de Chateauneuf stod for ei omgripande endring 1848–1850 og der m.a. tårnet fekk dagens bronsekuppel.

Stortorget eller Stortorvet (som er det offisielle namnet) er eit torg i Oslo sentrum. Det har vore sentraltorget i byen frå 1736 da det tok over etter Christiania gamle torg. Kringom torget ligg mellom anna Oslo domkyrkje i nr. 1, Glasmagasinet i nr. 9 og Stortorvets Gjæstgiveri. Sistnemnde har ikkje adresse til sjølve torget, men til Grensen nr. 1.

Stortorget har vore møteplass for innbyggjarane i byen, handleplass og trafikknutepunkt og er blomstertorget i Oslo. Det var òg plassen for det såkalla Torgslaget 17. mai 1829 og er kjend for skulpturen av Kristian IV som blei avduka på staden i 1880.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Marknad på Stortorget» frå 1843 av den danske målaren L.W.Th. Bratz som arbeidde i Noreg frå ca. 1840[1] skildrar ei scene frå marknaden på Stortorget. I bakgrunnen domkyrkja med buer framfor og i forgrunnen ei menneskemengde. Blant dei avbilda er madam Nubsen, Henrik Wergeland, Johan Fjeldsted Dahl og Erik Røring Møinichen.[2] Måleriet tilhøyrer Oslo museum.
Frå DigitaltMuseum

Opparbeidinga av Stortorget kom i gang etter at bygginga av Vår Frelsers kyrkje - Oslo domkyrkje - hadde teke til i 1694. Kyrkja blei reist på ein liten fjellknaus mellom dåverande Store og Vesle Voldport, på austsida av det som seinare skulle bli Stortorget. Området låg utanfor vollane, med andre ord utanfor sjølve byen. Der torget ligg var ein stor vassdam og han vart først fylt att rundt 1700, to-tre år etter at Vår Frelsers kyrkje vart innvigd.

I 1696 hadde kong Kristian V gjeve løyve til at befolkninga kunne ta jord frå byvollen for «... at jevne Pladsen med omkring Kirken og Graven at udfylde.»[3] På same tid som ein fylte att området blei vollane rivne ned.

I 1717 kom ei kongeleg forordning der ein fekk løyve til å fylle opp området med søppel frå byen attåt jord og stein.[4][3] Plassen blei omtalt som ei sump. Fyrst opp mot 1735 stod torget relativt i stand og året etter blei Christiania marknad arrangert her for fyrste gong. Februar var fast marknadsmånad og arrangementet starta med at klokkene i domkyrkja ringde.

Mykje seinare, utpå 1800-talet, utvikla det seg slik at skulene i byen ikkje hadde undervisning dei dagane marknaden varte, universitetet hadde ikkje forelesningar og Høgsterett stansa forhandlingane for å kunne ta del i folkelivet.[5]

Torget blei ikkje berre nytta under marknadsdagane. Allereie på midten av 1700-talet kom gardbrukarane frå omlandet til torget og selde varene sine fleire gonger i veka.

I 1756 blei det sett opp ein straffepåle på torget, ein gapestokk. Den offisielle byvekta var òg plassert på torget i tillegg til ein vasspost.

Etter kvart blei torget viktigare som trafikknutepunkt med hestedrosjer som det sentrale. På slutten av 1800-talet kom det fleire sporvognsruter og Ekebergbanen hadde endehaldeplassen i sentrum på Stortorget. Han bestod fram til 1960-talet.

Bygningar ved torget[endre | endre wikiteksten]

Koppgården med adresse Stortorget 2 har òg fasade mot Karl Johans gate og Kirkegata. Oppført i 1879-80 for vinhandlar Hermann Alexander Kopp etter teikningar av arkitekt Wilhelm von Hanno.
Foto: Mahlum
Svaneapoteket i Stortorget nummer 4/Karl Johans gate 13, her sett mot Stortorget.
Foto: A-S. Ofrim

Stortorget nummer 1 er som nemnt Oslo domkyrkje som blei reist i åra fram mot innviinga i 1697.

Nummer 2 blir kalla Koppgården og ligg på hjørnet i den smale husrekkja mellom Karl Johans gate og torget. Opphavleg låg det ein bygning frå siste del av 1700-talet her, den blei riven i samband med at garden blei reist for vinhandlar Herman Kopp i 1880. Bygningen er i nyrenessanse og er teikna av Wilhelm von Hanno.[6] Bokhandelen Jacob Dybwad hadde butikk i fyrste etasje frå 1852 til 1986.

Nummer 3 ligg vegg-i-vegg med nummer 2 og er ein forretningsgard frå 1926 teikna av Morgenstierne & Eide. Garden blei oppført for Richard Andvord og hans papirfirma etter at den tidlegare bygningen på staden var offer for ein brann.[6] Den tidlegare bygningen hadde vore reist i 1860 etter teikningar av Emil Victor Langlet og papirfirmaet Rich. Andvord hadde hatt lokale i bygningen sidan grunnlegginga i 1865.[6]

Stortorget nummer 4 har òg adresse Karl Johans gate 13, den ligg ved sida av nummer 3. Bygningen har ein passasje mellom Stortorget og Karl Johansgate som går langsmed apotekoffisinet. Dette er ein forretningsgard frå 1896 teikna av Ove Ekman. Den er kjend for Svaneapoteket med sitt særeigne interiør i nyklassissisme. Apoteket har vore i bygningen sidan 1896, men vart lagt ned ved årsskiftet 2013/2014. Interiøret er eit freda kulturminne.[7]

Nummer 5 blir ofte kalla Sandakergarden etter herreekviperinga som har hatt lokale i fyrste etasje.[8] Dette er ein hjørnegard som ligg på hjørnet Karl Johans gate/Kongens gate. Dagens forretningsgard er i fem etasjar, er teikna av arkitekt Bernhard Steckmest og er frå 1898.[6] På staden låg Store Voldport i åra 1624-1718. Etter at vollane blei riven fekk ein opp ei bygning her som blei nytta som vakt av militæret.[8]Huset blei kalla Kortegarden, etter «Corps-de-garde». Kortegarden var òg brannvakta i byen inntil Brannvakta ved Kirkeristen var klar til bruk i 1856.[8]

Nummer 7 ligg i den sørlege enden av torget tvers overfor domkyrkja og er eit moderne forretningsbygg ført opp for Christiania Bank og Kreditkasse i 1971. Bygningen er teikna av arkitekt Frithjof Stoud Platou og har fasadedekorasjon av Finn Christensen.[6]

Her låg i ein tidlegare periode Stortorget nr. 6, 7 og 8. Nummer 6 var ein bygning i empire i tre etasjar som blei slått saman med Karl Johansgate 15 til eit kompleks i 1897.[9] Samstundes som dei blei slått saman blei det gjort radikale endringar under leiing av arkitekt Henrik Nissen, den blei mellom anna utvida til fem etasjar. Etter samanslåiinga blei garden kalla Robsahmgarden.[9] Denne bygningen brann ned i 1959.[10]

Bileta under synar endringane på den sørlege delen av Stortorget.

Bygningen som hadde adresse nummer 7 og som ein kan sjå på biletet frå 1904 i midten over var hovudkontoret til Kreditkassen frå 1878. Den var teikna av Jacob Wilhelm Nordan i samarbeid med H. Stammam og vart stilt ferdig året innan. Den hadde eit monumentalt preg, var i tre etasjar og fasaden var kledd i raud sandstein frå Brumunddal.[9] På 1920-talet blei bygningen endra.

Nummer 8 var teikna av Nordan i samarbeid med Herman Major Schirmer og stod klar ca.1876.[6]Kreditkassen tok over denne bygningen i 1912.

Stortorvets Gjæstgiveri ligg med hjørnet ut mot Stortorget, men har adresse Grensen 1. Bygningen er i bindingsverk og i to etasjar. Han har saltak dekt med teglstein og er frå 1700-talet. Det har vore restaurant i bygningen sidan 1800-talet. Stortorvets Gjæstgiveri er eit freda kulturminne.[11]

Christiania Glasmagasin er eit kjøpesenter skipa i 1739 som har halde til på Stortorget frå 1862.[12] Opphavleg låg det på Jernbanetorget og flytta til noverande plass på grunn av utbygginga av området rundt jernbanen ved Østbanen.[13]

Heile rekkja utgjer Stortorget 9, 10 og 11. Da Christiania Glasmagasin flytta hit var det til den midtre bygningen, nummer 10.[12]

Nummer 9, som ligg på hjørnet mot Møllergata, bestod då av eit lite hus kalla Simonsen på Torvet.[14] Det er huset ein kan sjå på biletet frå 1865 over. Huset var ein kombinert bustad-og forretningsgard der Peter Simonsen hadde kolonial fram til 1897. Etter hans tid blei bygget rive og dei som eia garden fekk ført opp dagens bygning ved arkitekt Ove Ekman i 1898-99 og forretninga Simonsen på Torvet bestod her til 1935. Garden blei deretter innlemma i GlasMagasinet.[14]

Bygningen der Christiania Glasmagasin flytta inn i 1862, nummer 10, hadde tidlegare vore postkontor. Garden var frå 1778 og hadde vore postkontoret i byen frå 1833.[12] Dei fyrste åra var magasinet leigetakarar, men kjøpte garden nokre år seinare og endra da på fasaden.[12] Bygget blei rive og i 1899 blei dagens bygning reist ved arkitekt Harald Olsen.[15]

Den siste bygningen i rekkja, hjørnegarden mot Torggata, var nummer 11 og her låg Elephant-Apotheket som blei skipa i 1672.[16] Apoteket låg på Stortorget frå 1847 til bygningen blei rive i 1972. Året etter starta oppføringa av den nyaste delen av Christiania Glasmagasin under leiing av arkitekt Frithjof Stoud Platou.[17][18] Bygget blei ferdigstilt i 1974. Det er endra ved ei påbygging mot Linaaes gate i 1990 og arkitekten bak dette var Jan Digerud.[17][19]

Nummer 12 var ei bygning inn mot Torggata, den blei lagt til nummer 11. Nummer 13 var Hasselgarden som no høyrer til i Torggata og har nummer 1.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Skulpturen av Kristian IV på Stortorget av Carl Ludvig Jacobsen. Skulpturen blei ferdig i 1878 og avduka 28. september 1880.
Foto: A-S. Ofrim

Stortorvet vart endra i 2018, og mellom anna utstyrt med nye, høge lysmaster i gamal stil.

Det står tre kunstverk på torget. Den eldste er statuen av kong Kristian IV der kongen peikar med høgre hand: «Her skal byen ligge!». Statuen er laga av bilethoggaren Carl Ludvig Jacobsen og støypt i bronse med sokkel hogd i granitt frå Grefsen. Den ble avduka 28. september 1880, og refererer seg til at det var denne kongen som grunnla Christiania ved å flytte byen frå Oslo på austsida av Bjørvika til området nord for Akershus festning. I avisene og under avdukinga var det kritikk mot at ein «dansk konge» fekk ei statue satt opp i byen.[20]

På skrå overfor domkyrkja står ei fontene der Skule Vaksviks «Dyrefontene» er plassert. Skulpturen har to høns og ein hane på toppen. Den er frå 1955, laga i bronse og er betalt av Christiania Bank og Kreditkasse og Selskabet for Oslo Byes Vel.[21]

Det siste tilskotet i form av utsmykking er ein vasskunst - «Vann i sten» - laga i raud granitt som eit stort basseng. Verket er av Anne-Marie Backer Mohr og Bjart Mohr og var eit resultat av ein nasjonal utsmykkingskonkurranse i 1985. Skulpturen er betalt av innsamla middel og tilskot frå Oslo kommune.[22]

Fiat Lux![endre | endre wikiteksten]

Litt av Fiat Lux! er å sjå på illustrasjonen Heroldernes Proklamation af Storthingets Aabning 8. februar 1857 i boka En Christianiensers Erindringer fra 1850- og 60-Aarene av Yngvar Nielsen frå 1910

Før statuen av kong Kristian IV vart sett opp på torget, stod det på nett same staden ein høg, firearma kandelaber av støypejern med fem gasslykter, kalla Fiat Lux! (Bli lys!) etter ein inskripsjon på sokkelen. Dette gatelyset var ei gåve til byen frå James Malam, skiparen av gassverket i Oslo, og vart tent fyrste gongen 8. januar 1848. For å gje plass til kongestatuen, vart denne innretninga flytt til Youngstorget, seinare til Olaf Ryes plass på Grünerløkka, og kassert under første verdskrigen som skrapjern[23]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. L.W.Th. Bratz frå Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. DigitaltMuseum om «Marknad på Stortorget»
  3. 3,0 3,1 Karl Gervin side 120
  4. Knut Are Tvedt, Oslo byleksikon, side 541
  5. Karl Gervin side 121
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Knut Are Tvedt side 542
  7. Svaneapoteket i Riksantikvarens kulturminnebase
  8. 8,0 8,1 8,2 Sandakergården, Stortorvet 5 Geir Tandberg Steigan / Artemisia
  9. 9,0 9,1 9,2 Stortorvets vestre ende Arkivert 2012-12-12 ved Wayback Machine. frå Oslo Restaurering
  10. Tapte bygninger: Stortorvet 6-8 frå Geologien i sentrum - geologiske byvandringer i Oslo
  11. Stortorvets Gjæstgiveri i Riksantikvarens kulturminnebase
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Knut Are Tvedt side 123
  13. GlasMagasinet - historie, arkivert frå originalen 2. oktober 2012, henta 30. september 2012 
  14. 14,0 14,1 Simonsen på Torvet, Stortorvet 9 Geir Tandberg Steigan / Artemisia
  15. Harald Olsen (1851-1910) Geir Tandberg Steigan / Artemisia
  16. Knut Are Tvedt side 151
  17. 17,0 17,1 Byantikvarens Gule liste
  18. F.S. Platou frå Norsk biografisk leksikon
  19. Jan Digerud frå Norsk biografisk leksikon
  20. Inger Sandberg: «Bykunst». I: Byminner, 1/1957, side 12-13.
  21. Knut Are Tvedt, side 659
  22. Knut Are Tvedt side 660
  23. Knut Are Tvedt side 164

Litteratur[endre | endre wikiteksten]