Strängnäs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°22′29.424″N 17°1′36.296″E

Strängnäs byvåpen
Strängnäs med domkyrkja
Västervikshamnen med Vindmølla

Strängnäs er ein by i Sverige. Byen ligg i det svenske landskapet Södermanland, 60 km vest for Stockholm. Byen er administrasjonsstad for kommunen Strängnäs kommun og for Strängnäs stift. Byen har 12 856 innbyggjarar i 2011.

Byen ligg ved innsjøen Mälaren mellom Södertälje og Eskilstuna. Strängnäs er ein handels-, industri- og garnisonsby med låg trehusbusetnad.

Strängnäs var tidleg tingstad og marknadsplass. Byen har hatt bispesete frå 1100-talet, og domkyrkja vart innvigd i 1291, og utvida og ombygd på 1400-talet. I den tidlegare bisperesidensen «Roggeborgen» (no bibliotek) frå 1480-åra vart Gustav Vasa krona i 1523.