Strålingsavkjøling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Strålingsavkjøling har ein når ein lekam mistar meir energi ved stråling enn han får tilført frå omgivnadane.

Storskala-sirkulasjonen i jordatmosfæren er driven av skilnadar i absorbert solinnstråling per kvadratmeter. Sola varmar opp Jorda meir i tropisk strøk enn i polare område. Atmosfærisk sirkluasjon og havstraumar omfordeler ein del av denne energien som merkande varme og latent varme ved hjelp av mellom anna stortstilte vindsystem og syklonar i atmosfæren. Tropane strålar altså mindre varme ut i verdsrommet enn dei ville gjort om det ikkje fanst sirkulasjonsstraumar på Jorda. I tillegg ville polområda hatt større strålingsavkjøling. Dei tropiske områda har større strålingsavkjøling (meir utstråling) enn polområda på grunn av høgare overflatetemperatur her.

I liten skala kan ein kjenne eit døme på strålingsavkjøling framfor eit kaldt vindauge om vinteren. Den sida av andletet som vender mot vindauget blir kaldare enn den som vender inn mot rommet.