Strabon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strabon, ei gravering frå 1500-talet.

Strabon (gresk Στράβων, latin Strabo, fødd 63/64 fvt., død kring 24 evt.) var ein gresk historikar, geograf og filosof. I dag blir Strabon best hugsa for verket sitt på 17 bind, Geografika, som bokstavleg tyder «geografi». Det presenterer ei utfyllande forteljing om folk og stader frå ulike regionar i den kjende verda på den tida.

Strabon var fødd inn i ein rik familie frå Amaseia i Pontos, i dag Amasya i Tyrkia, som på den tida nyleg hadde vorte del av Den romerske republikken. Han studerte under ulike geografar og filosofar, først i Nysa, seinare i Roma. Filosofisk sett var han ein stoikar og politisk var han tilhengjar av romersk imperialisme. Seinare drog han på viktige reiser til blant andre Egypt og Etiopia. Det er ikkje kjent når hans Geografika vart skriven, men kommentarar i verket plasserer den endelege versjonen innanfor styret til keisar Tiberius. Nokre meiner han starta å skrive rundt år 7, andre rundt 18. Kong Juba av Maurousia sitt dødsfall i år 23 er derimot nemnd.

Strabon si Historie er nestan heilt tapt. Strabon siterer seg sjølv, og andre klassiske forfattarar nemner at han fanst, men det einaste overlevande dokumentet er eit fragment av papyrus som no tilhøyrer universitetet i Milano.

Fleire ulike tidspunkt har vorte foreslått for kva tid Strabon døydde, men dei fleste meiner det var kort tid etter år 23.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]