Strandkrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strandkrabbe


Strandkrabbe
Strandkrabbe

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Infraorden: Brachyura
Familie: Portunidae
Slekt: Carcinus
Vitskapleg namn
Carcinus maenas

Strandkrabben (Carcinus maenas) er den vanlegaste krabben i tidvassona i norske farvatn. Han er særs tilpassingsdyktig både i matvanar og fysiske eigenskapar, og overlever i mange miljø. På grunn av dette har han vorte ein særs farleg framand art mange stadar i verda, mellom anna ved USA og Australia. Lista Invasive species group har publisert over økologisk farlege framande artar plasserer han på 18. plass. Det naturlege utbreiingsområdet er langs kysten av Europa; frå Middelhavet i sør til Mehamn, Finnmark i nord.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ryggskjoldet til strandkrabben kan bli opp til 6 cm langt og 9 cm breitt. På framparten har det tre bulkar mellom augo og fem mellom augo og klørne, som er det første av fem beinpar.

Fargen til strandkrabben varierer sterkt, og kan vera grøn, brun, grå eller raud. Dette har sannsynlegvis med lokale miljøfaktorar å gjera.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Strandkrabben trivst på all slags botn på vatn frå 0-6 meters djupn, men likar seg best på hard botn. Han overlever temperaturar frå 0 til 30 °C og saltinnhald på 4 til 52 ‰, og finst såleis i mange ulike biotopar. På stadar med liten skilnad mellom flo og fjøre heldt dei seg i vasskanten.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Strandkrabbe

Strandkrabben er ein opportunist i matvegen, som et det meste han finn. Først og fremst er han åtseletar, men han et òg alt levande han klarar å få fatt i med klørne sine. Muslingar utgjer ein særs viktig del av kosthaldet til arten mange stadar.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Paring skjer berre i samband med skalskifte. Hannen klatrar opp på hoa og vert sitjande til ho skiftar skal og kjønnsopningane vert tilgjengelege. Han befruktar ho med såkalla gonopodar, som er omdanna ekstremitetar på bakkroppen. Ho oppbevarer dei inne i kroppen til ho har fått produsert egg.

Dei befrukta egga klistrar seg fast til kvarandre i ein klump som hoa ber under bakkroppen. Ein finn krabbar med utrogn heile året.

Larvane lever planktonisk i fleire veker, før dei vert vaksne og lever på botnen resten av livet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er strandkrabben lite brukt, sjølv om kjelder frå heilt attende på 1700-talet nemnar at det har gått føre seg teinefangst av «småkrabbar». Lenger sør i Europa vert arten rekna som ei delikatesse, og særleg i Storbritannia og Frankrike er fisket økonomisk viktig. På vestkysten av Atlanterhavet vert det òg fiska ein del strandkrabbe, om lag 86 tonn årleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moen, Frank Emil og Svensen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna KOM forlag 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Strandkrabbe