Strandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Strandsfjorden er ein fjordarm av Listafjorden i Flekkefjord kommune. Fjorden ligg mellom øyane Hidra i vest og Andabeløyna i aust og har innløp mellom sørspissen på kvar av desse øyane, Klubben på Hidra og Austgavlen på Andabeløya. Vest for Austgavlen ligg innløpet til Fedafjorden.

Strandsfjorden strekker seg om lag 4 km nordover mellom desse øyane til Abelnes. Mellom Andabeløy og Abelnes går det eit sund aust til Stolsfjorden, som ligg på austsida av Andabeløy. Nord for Hidra ligg det 6 km lang Hidrasundet som strekker seg vestover.