Strandstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Strandstad er eit omgrep som gjerne blir nytta om ein mindre stad, ofte ein tettstad, med nær tilknyting til sjøen. Strandstaden oppstod gjerne ved den gode hamna i fjordbygda eller kystbygda, på ein stad for skifte av transport frå land til sjø og omvendt. Strandstaden kom gjerne ein stad der gardane i området frå før hadde naust og sjøbuer.

Talet på strandstadar auka sterkt på 1800-talet, mellom anna på grunn av oppretting av dampskipsruter langs fjordane, og høvet til å opprette landhandel frå 1850-åra.

Basis for framveksten av strandstadar i kyst-Noreg var transporten som gjekk føre seg på sjøen, og strandstadane hadde i så måte si storheitstid så lenge sjøtransport var dominerande. I dei fleste områda vil det seie til midt på 1900-talet. Ein del strandstadar utvikla seg vidare til meir urbane samfunn, og fekk etter kvart status som ladestad eller by.

Framveksten av strandstadar har klare parallellar til framveksten av stasjonsbyar langs jernbanestrekningane i Noreg.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.