Stratospheric Observatory for Infrared Astronomy
Stratospheric Observatory for Infrared Astronomy (SOFIA) er eit prosjekt mellom den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA og Deutsches Zentrum für Luft- und Raumfahrt (DLR). Eit ombygd Boeing 747SP har blitt ombygd for å huse eit speilteleskop som er 2,5 i diameter. Teleskopet er meint for infraraude astronomiske undersøkjingar 12 km inn i stratosfæren.
Flyet [endre]
Boeing 747SP-flyet som husar teleskopet, vart opphavleg eit passasjerfly med produksjonserienummeret 21441. Flyet vart levert til Pan American World Airways i mai 1977 og gjeve namnet «Clipper Lindbergh» og døypt av enka etter Charles Lindbergh. American Airlines kjøpte flyet i 1986 og hadde det i si teneste fram til 1995. To år etter vart flyet kjøpt av NASA. Under prøveflygingar var flyet stort sett framleis i AA sine fargar. Ein svart firkant vart påmala der teleskopet skulle vere. I 2006 fekk flyet påmala ny utsjånad og året etter vart flyet gjeve attende det namnet «Clipper Lindbergh» av Lindberg sitt borneborn, Erik Lindbergh.
Flyet skal i løpet av 2009 gjennom ei rekkje testflygingar, før ein kan byrje med astronomiske observasjonar.