Street Fighting Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Street Fighting Man»
Singel av the Rolling Stones
frå albumet Beggars Banquet
Utgjeve 31. august 1968
Innspelt Mars–april, 1968
Sjanger Rock
Lengd 3:15
Selskap London 45 LON 909 (US)
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Jimmy Miller
the Rolling Stones-kronologi
«Jumpin’ Jack Flash»
(1968)
«Street Fighting Man» «Honky Tonk Women»
(1969)

«Street Fighting Man» er ein song av the Rolling Stones på albumet deira Beggars Banquet frå 1968. Songen har vorte kalla «den mest politiske songen» til Stones,[1] og musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 295. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg kalla og spelt inn som «Did Everyone Pay Their Dues?», med same musikk men heilt annan tekst. «Street Fighting Man» er kjend som ein av Mick Jagger og Keith Richards sine mest politiske songar. Jagger skreiv visstnok teksten om Tariq Ali etter at Jagger var med på ei antikrigssamling i mars 1968 ved den amerikanske ambassaden i London, då politi til hest prøvde å få kontroll over den 25 000 store menneskemassen.[2][3] Han fann òg inspirasjon i den aukande valden i studentopprøra på Vestbreidda i Paris,[4] som var opptakten til mai 1968.

Bruce Springsteen kommenterte i 1985, etter å ha spelt «Street Fighting Man» som ekstranummer på Born in the U.S.A.-turneen at linja «What can a poor boy do but sing in a rock and roll band?» er ei av dei beste rock and roll-linjene nokon gong.[5]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

But what can a poor boy do except to sing for a
Rock’N’Roll Band ’cause in sleepy London Town
There's just no place for Street Fighting Man!

Mick Jagger

Innspelinga av «Street Fighting Man» starta ved Olympic Sound Studios i mars 1968 og heldt fram i mai og juni seinare på året. Med Jagger på solovokal og både han og Richards på korvokal, spelte Brian Jones sitar og tambur på songen. Richards speler dei akustiske gitarane på songen, samt bass, som faktisk er det einaste elektriske instrumentet på sporet. Charlie Watts speler trommer medan Nicky Hopkins speler piano, som ein best høyrer mot slutten. Shehani vert spelt av Dave Mason. På tidlege utgåver av «Did Everybody Pay Their Dues», spelte Rick Grech elektrisk bratsj.[6]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeve ut på Beggars Banquet og som første singel frå plata 31. august 1968. Songen var populær då han kom ut, men nådde berre 48. plass i USA, sidan mange radiostasjonar ikkje ønskte å spele songen på grunn av teksten. Dette forsterka seg då songen vart gjeve ut ei veke etter opprøra under demokratane sin nasjonalkonvent i Chicago i 1968.[7] B-sida var «No Expectations». Singelen vart først gjeven ut i Storbritannia i 1970.

Songen har vorte gjeven ut på samlealbuma Through the Past, Darkly (Big Hits Vol. 2), Hot Rocks 1964-1971, Singles Collection: The London Years (singelutgåva) og Forty Licks. Han har vorte spelt mykje på konsertar opp gjennom åra og er med på konsertalbuma Get Yer Ya-Ya's Out!, Stripped og Live Licks.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

«Street Fighting Man» har vorte spelt av mange artsitar, mellom anna Rage Against the Machine, Rod Stewart, Mötley Crüe, the Ramones, Oasis.

Gitarist Pete Townshend frå the Who har sagt at den stakkato rytmen i «Street Fighting Man» var ein inspirasjon for deira «I’m Free» frå albumet Tommy.[8]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Street Fighting Man». Rolling Stone. 2004.
  2. Azania, Malcolm. "Tariq Ali: The time is right for a palace revolution". Vue Weekly. 2008.
  3. "Street Fighting Man". Rolling Stone. 2004.
  4. Roy Carr, The Rolling Stones: An Illustrated Record, Harmony Books, 1976. ISBN 0-517-526417. s. 55.
  5. Marsh, Dave. Glory Days: Bruce Springsteen in the 1980s. Pantheon Books, 1987. ISBN 0-394-54668-7. s. 229-230.
  6. "Street Fighting Man". timeisonourside.org. 2007.
  7. Unterberger, Richie. «Street Fighting Man». allmusic.
  8. «I'm Free». www.thewho.net. 2001.