Streets of Love
| «Streets of Love» / «Rough Justice» Singel av The Rolling Stones frå albumet A Bigger Bang |
||
| Utgjeve | 22. august 2005 | |
| Innspelt | 2004-2005 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 5:10Streets of Love | |
| Selskap | Virgin | |
| Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
|---|---|---|
| Produsent | Don Was; The Glimmer Twins | |
| The Rolling Stones-kronologi | ||
| «Sympathy for the Devil» (remix) (2003) |
«Streets of Love» / «Rough Justice» | «Rain Fall Down» (2005) |
«Streets of Love» er ein song av The Rolling Stones på albumet A Bigger Bang frå 2005. Han vart gjeven ut som singel i lag med songen «Rough Justice» den 22. august 2005.
«Streets of Love» er ein prangandane powerballade med sparsamt, gitarbasert arrangement og eit refreng sunge i falsett. Songen vart ikkje ein stor hit i USA, men gjekk til topps i SPania og nådde Topp 10 i Argentina, Nederland, Danmark, Sverige, Belgia, Finland, Canada og Topp 20 i Noreg, Tyskland, Storbritannia, Hellas og Italia.
«Streets of Love» er ein av få songar Rolling Stones gav løyve til å nytte i reklame. Han vart nytta i ein fjernsynsreklame for mobilselskapet Vodafone Italy. Musikkvideoen til songen vart spelt inn i nattklubben Zaphod Beeblebrox i Ottawa i Canada.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Streets of Love» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2009.