Strekfarge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Hematitt med raud strekfarge på ei porselensikring
Strekplate med pyritt og rhodokrositt og deira karakteristiske strekfarge

Strekfargen (eller berre Strek eller Pulverfarge) av eit mineral er fargenpulveret som blir danna når mineralet blir dratt over ei ru overflate. I motsetning til fargen på mineralet, som kan variere mykje, er fargen på pulveret generelt meir einsarta for eit gitt mineral. Det er derfor eit viktig diagnostisk verktøy i identifisering av mineral. Dersom det ikkje er nokon tydeleg strekfarge så er strekfargen oppgitt til å vere kvit eller fargelaus. Strekfarge er spesielt viktig for å indentifisere opake og farga mineral. Den er minst brukbar for silikatmineral der dei fleste har ein kvit strekfarge og er for harde til å avgi pulver på ein lett måte.

Fargen på eit mineral kan variere særs mykje på grunn av sporstoff eller ein litt endra krystallstruktur (f.eks. på grunn av gitterfeil). Små mengder sporstoff eller ureiningar som absorberer sterkt ved ei bestemt bølgelengd kan lett endre bølgelengda til reflektert lys og slik endre fargen på mineralet. Men når prøva er dratt for å lage ein strek, blir mineralet brote ned til eit pulver av tilfeldig orienterte mikrokrstallar. Ein liten del av sporstoff vil ikkje påverke i særleg stor grad absorpsjonen av lys.

Ei overflate ein drar mineralet over blir kalla ei strekplate. Dei er oftest laga av porselenskiver utan glasur. Dersom ein ikkje har ei strekplate tilgjengeleg, kan ein nytte ei vanleg sikring, undersida av ein vase eller porselenbolle der det ikkje er glasur eller baksida av ei kjeramisk veggflis. Nokre gongar er streksfagen lettare eller meir nøyaktig beskreve ved å samanlikne den med streken frå ei anna strekplate.

Fordi streken på strekplata kjem frå mineralet som er knust til eit pulver, kan ein berre lage ein strek av mineral som er mjukare enn strekplata. Dersom ein nyttar uglassert porselen er det rundt 7 på Mohs hardleiksskala. Dersom ein har eit hardare mineral, kan pulverfargen finnast ved å file eller knuse ei lita prøve med ein hammar. Dette pulveret er så gnidd på strekplata. Dei fleste mineral med hardleik over 7 har ein kvit strek som er til lita hjelp.

Nokre mineral, som cinnabaritt(sinober) og azuritt, har ein strekfarge som er lik den naturlege fargen på mineralet. Andre mineral, som fluoritt (flusspat) har alltid ein kvit strekfarge sjølv om sjølve mimeralet kan opptre i rosa, blå, gule eller grøne krystallar. Hematitt (jernglans) ser svart ut, men har ein raud strekfarge som har gitt opphav til namnet. Hematitt kjem frå det gresk "haima," som tyder "blod." Mineralet blyglans som ser ut som hematitt, har derimot ein grå strekfarge.

Referansar [endre]

  • A.C. Bishop, A.R. Woolley, and W.R. Hamilton. Cambridge Guide to Minerals, Rocks and Fossils, second edition. Cambridge: Cambridge University Press, 1999. Pages 12-13
  • Martin Holden. The Encyclopedia of Gemstones and Minerals. New York: Facts on File, 1991. Page 251.
  • Walter Schumann. Minerals of the World. New York: Sterling, 1992. Pages 18-16

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Strekfarge