Strengmyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei strengmyr er ei myr der langstrekte, svakt heva parti vekslar med flate og våte parti. Dei heva partia vert kalla strenger og dei djupare og våte vert kallar flarkar. Strengane ligg på tvers av fallretninga i hellande terreng. Strengmyrer blir lettast danna i kontinentalt klima med tele, og finst i høgareliggande område under skoggrensa. I Troms og Finnmark finn ein òg slike myrer ut mot kysten. I særleg kalde område blir det danna palsmyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mæhlum, Lars. (2009, 20. juli). Strengmyr. I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/strengmyr.