Strigopidae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strigopidae


Kea, Nestor notabilisFoto: Jeanie Mackinder
Kea, Nestor notabilis
Foto: Jeanie Mackinder

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Strigopidae
Slekter
Vitskapleg namn
Strigopidae

Strigopidae er ein biologisk familie av tre nolevande artar av nyzealandske papegøyar, alle endemiske til New Zealand. Dei finst i to biologiske slekter av papegøyefuglar, Nestor og Strigops som til saman utgjer familien.[1] Slekta Nestor samlar to nolevande papegøyeartar på New Zealand, hovudøyane, ein utdøydd artNorfolkøya og ein mogleg tidlegare art på Chatham-øyane.[2]

Menneskeleg aktivitet har vore årsak til at av ein (to) artar blei utrydda, og nedgang i populasjonen av dei andre tre artane. Europeisk introduksjon av framande artar som gris og røysekattar som et egg frå bakken av hekkande fuglar, jakt, tap av habitat, og introduserte kvefs har ført til ytterlegare nedgang.[3][4][5] Familien skilte seg frå alle andre papegøyar for rundt 82 millionar år sidan, då New Zealand braut ut fra Gondwana, medan forfedrane til slektene Nestor og Strigops skilte seg frå kvarandre for mellom 60 og 80 millionar år sidan.[6][7]

Artsoversyn[endre | endre wikiteksten]

Det er tre overlevande artar og minst ein veldokumentert utdøydd art i slekta Nestor. Det finst lite kunnskap om kaka på Chatham-øyane, som kan ha vore konspesifikk med ein annan kakaart.

Nestor

  • Kea, Nestor notabilis
  • Kaka, Nestor meridionalis
    • North Island kaka, Nestor meridionalis septentrionalis
    • South Island kaka, Nestor meridionalis meridionalis
  • Norfolk kaka, Nestor productus utdøydd
  • (Chatham kaka, Nestor ...., mogleg tidlegare art, no utdøydd)[2]

Strigops

Strigopidae
Trivialnamn
(vitskapleg namn)
status
Bilete Skildring Utbreiing og habitat
Kea

(Nestor notabilis)
Sårbar - VU[8]

Kea (Nestor notabilis) -on ground-8.jpg
48 cm lang. For det meste olivengrøne med skarlakraude undervenger og undergump. Mørke kantfjører. Mørkt brunt nebb, iris, bein og føter. Hannar har lengre nebb.[9] New Zealand: Sørøya

Høgtliggande skogar og område med kratt 850–1400  moh.[10]
KakaSørøya

(Nestor meridionalis meridionalis)
Sterkt truga - EN[11]

Kaka -Stewart Island-1c.jpg
Liknar på underarten av kaka på Nordøya, men litt mindre, ljosare fargar, er krona nesten kvit, og nebbet er lengre og meir bua hos hannar.[12] New Zealand: Sørøya

Ubrotne område med skogar av Nothofagus og Podocarpus, 450–850 moh. om sommaren og 0–550 m om vinteren.[10]
KakaNordøya

(Nestor meridionalis septentrionalis)
Sterkt truga - EN[11]

Kaka-Parrots.jpg
Ca. 45 cm lang. Hovudsakleg olivenbrun med mørke fjørkanter. Karmosinraude undervenger, undergump og krage. Kinna er gyldenbrune. Krona er gråaktig.[12] New Zealand: Nordøya

Ubrotne område med skogar av Nothofagus og Podocarpus, 450–850 moh. om sommaren og 0–550 m om vinteren.[10]
Kaka på Norfolkøya

(Nestor productus)
Utdøydd frå ca. 1851[13]

John-Gould-001.jpg
Om lag 38 cm lang. For det meste olivenbrun overside, (raud-) oransje kinn og hals, stråfarga bryst. Lår, undergump og nedre del av buken er mørk oransje.[14] Tidlegare endemisk til Norfolkøya og Phillip-øya i Australia[15]

Steinar og tre[14]
Kakapo

(Strigops habroptila)
Kritisk truga - CR[16]

Kakapo (Strigops habroptila)-6.jpg
Store kompakte papegøyar 58-64 cm lange, hannar er større enn hoer, dei veg 2-4 kg som vaksne. For det meste grøne med brune og gule spetta tverrstriper, undersida er grøngul. Andletet er bleikt og ugleliknande. New Zealand: Maud Island, Chalky, Codfish og Anchor Islands
 
Climax Nothofagus (kyst) and Podocarpus (conifer) skogar, gjenreist kratt, Danthonia grasland 10–1400 m moh.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - Dec 2009 (Om side 134)
  2. 2,0 2,1 Storrs L. Olson (editor) Avian Paleontology at the Close of the 20th Century: Proceedings of the 4th International Meeting of the Society of Avian Paleontology and Evolution Washington, D.C, 4-7 June 1996
  3. «Threats to Kākāpō». Department of Conservation Te Papa Atawbai. http://www.doc.govt.nz/conservation/native-animals/birds/land-birds/kakapo/threats. Henta 19. oktober 2012. 
  4. «Threats to Kākā». Department of Conservation Te Papa Atawbai. http://www.doc.govt.nz/conservation/native-animals/birds/land-birds/kaka/threats/. Henta 19. oktober 2012. 
  5. «Threats to Kea». Department of Conservation Te Papa Atawbai. http://www.doc.govt.nz/conservation/native-animals/birds/land-birds/kea/threats/. Henta 19. oktober 2012. 
  6. Wright, T.F.; Schirtzinger E. E., Matsumoto T., Eberhard J. R., Graves G. R., Sanchez J. J., Capelli S., Muller H., Scharpegge J., Chambers G. K. & Fleischer R. C. (2008). «A Multilocus Molecular Phylogeny of the Parrots (Psittaciformes): Support for a Gondwanan Origin during the Cretaceous». Mol Biol Evol 25 (10): 2141–2156. doi:10.1093/molbev/msn160. PMC 2727385. PMID 18653733. 
  7. Grant-Mackie, E.J.; J.A. Grant-Mackie, W.M. Boon & G.K. Chambers (2003). «Evolution of New Zealand Parrots». NZ Science Teacher 103. 
  8. BirdLife International (2012). Nestor notabilis. IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. <www.iucnredlist.org>. Henta den 17. oktober 2012. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  9. «Kea - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMDetails.asp&sid=1410&m=0. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Juniper, Tony; Mike Parr (1998). Parrots: A Guide to Parrots of the World. Yale University Press. ISBN 978-0300074536. 
  11. 11,0 11,1 BirdLife International (2012). Nestor meridionalis. IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. <www.iucnredlist.org>. Henta den 17. oktober 2012. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  12. 12,0 12,1 «Kaka - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMDetails.asp&sid=1412&m=0. 
  13. BirdLife International (2012). Nestor productus. IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. <www.iucnredlist.org>. Henta den 17. oktober 2012. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  14. 14,0 14,1 Forshaw, Joseph M.; Cooper, William T. (1981) [1973, 1978]. Parrots of the World (corrected second edition ed.). David & Charles, Newton Abbot, London. ISBN 0-7153-7698-5. 
  15. «Norfolk Island Kaka - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMDetails.asp&sid=1411&m=0. 
  16. BirdLife International (2012). Strigops habroptila. IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. <www.iucnredlist.org>. Henta den 17. oktober 2012. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Strigopidae