Strikking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stickande kulla av Anders Zorn (1901)

Strikking, eller spøting, er ein handarbeidsteknikk der ein lagar plagg ved å tre rekker av garnløkker gjennom kvarandre ved hjelp av tynne pinnar, strikkepinnar. Det er òg mogleg å strikka på maskin.

Til handstrikking trengst strikkepinnar og garn. Etter først å ha lagt opp masker kan ein byrja å strikka. Den eine strikkepinnen vert brukt til å dra garnet gjennom ei maske på den andre. Den gamle maska får gli av pinnen. Slik gjer ein med kvar maske til ein har nådd enden av pinnen, der ein anten kan snu og gjera det same, eller fortsetja vidare frå den andre enden i rundstrikk. Arbeidet vert avslutta med felling og eventuelt montering.

Til dei enklaste, flate strikketøya brukar ein to pinnar. Til rundstrikk brukar ein fleire pinnar eller ein rundpinne, som er laga av ein mjuk streng med pinnar i kvar ende.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Es war einmal (Der strickende Vorposten) av Carl Spitzweg (ca. 1850). Soldaten strikkar medan han sit vakt.
Ein kunne strikke medan ein gjekk, og passa born.

Det er uvisst kva tid teknikken oppstod. Dei eldste strikkeplagga me kjenner til er finmaska strømper av silke frå Nord-Afrika. Gjennom maurarane spreidde teknikken seg til Europa. Strikka stoff er mjukt og elastisk, noko som gjorde det populært då og sidan. Strømper hadde tidlegare vore sydd, nå fekk ein plagg som sat betre.

I nordlege land tok ein til å bruka ull i strikkinga, noko som førte til varme og i visse tilfelle regntette plagg som likevel var føyelege å ha på. Langs norskekysten, på dei britiske øyane og på Færøyane utvikla ein sine særskilde strikkeplagg som var særs nyttige for sjøfolk.

Strikking i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Strikking blei ein lettvint måte å skapa nyttige og vakre plagg på for kvar og ein. Ein kunne òg strikka for sal, noko som skapte ei nyttig biinntekt for mellom anna kvinner.

Teknikken krev lite merksemd for å få til, slik at ein kan strikka medan ein gjer andre ting. I Noreg var det vanleg å strikka medan ein gjekk, til dømes for ei budeie som skulle til seters, eller for ungar som gjette dyr. Om lekpredikanten Hans Nielsen Hauge blir det òg sagt at han strikka medan han gjekk rundt i Noreg.

I dag er det vanleg å strikka for å slappa av.

Utviklinga av strikkemaskinar flytta mykje av strikkeproduksjonen ut av heimen. Samanlikna med maskinstrikking går handstrikking svært seint, og maskinar gjer sjeldan feil. Handstrikking er likevel ikkje gått ut av bruk, men er nå meir ein fritidssyssel enn som leveveg.

Grunnleggjande strikkemåtar[endre | endre wikiteksten]

Flatt strikketøy i rillestrikk med fleirfarga garn. (Foto: Clancy Ratliff)

Ein kan strikka fram og tilbake, for å få flatt tøy, eller rundt, slik at ein får ei strikka hylse.

Dei vanlegaste strikkemaskene er rettmasker og vrangmasker. Dei rette maskene er dei enklaste og gjev strikketøyet eit glatt preg på sida som vender mot strikkaren, medan den andre sida blir ru. Vrange masker gjer det motsette. Om ein strikkar fram og tilbake med rette masker vil dei gjera annakvar pinne glatt og ru på kvar side, og ein får såkalla rillestrikk. Om ein vekslar mellom rette og vrange pinnar på annankvar side vil ei side bli glatt og den andre ru. Rundtstrikk med berre glatte maskar vil gje ei utside som er flat og ei innside som er ru.

Mønster[endre | endre wikiteksten]

Påbyrja raud glattstrikk. (Foto: Clancy Ratliff)

Det finst mange måtar å leggja inn mønster i sjølve strikketøyet på. Den enklaste er å veksla mellom rette og vrange masker. Dette vil påverka strukturen til det ferdige stoffet, og kan gjera det meir eller mindre elastisk. Glattstrikk er mindre medan ribbestrikk er meir elastisk.

Ved å auka eller minka talet på masker kan ein forme plagget slik at ein del blir breiare eller smalare.

Andre måtar å lage mønster på er å bruke fleire fargar garn, perler, eller å flette maskene.

Ribba strikketøy på rundpinne. (Foto: Clancy Ratliff)


Strikkepinnar[endre | endre wikiteksten]

Val av strikkepinnar påverkar strikkeresultatet. Tynne strikkepinnar gjev svært fin strikk medan tjukke gjev eit laust, grovmaska resultat.

Talet på pinnar er òg viktig. Bruker ein to pinnar vil ein berre kunne laga flatt tøy, men ved bruk av fleire eller ein rundepinnar kan ein òg strikka rundt eller utføra diverse krumspring, som fletting, der ein tvinnar ei maskerekkje rundt ei anna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Strikking