Stromatolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prekambriske stromatolittar i Siyehformasjonen i Glacier National Park i USA.
Moderne stromatolittar i Shark Bay i Vest-Australia.
Stromatolittar ved Lake Thetis i Vest-Australia

Stromatolittar eller algematter (frå gresk strōma, matte, lag, stratum, og lithos, bergart) er laminerte sedimentære strukturar danna ved lagvis binding av kalkslam på overflata av koloniar med blågrønbakteriar eller grønalgar.

I dag blir dei danna i tidevassonen i grunne havområde, der det veks matter av samanfiltra algetrådar. Ofte opptrer stromatolittar i dag i saltsjøar og marine laguner der det finst lite av grasande organismar; til dømes Hamelin Pool Marine Nature Reserve i Shark Bay i Vest-Australia og Cuatro Ciénegas i Mexico.

Stromatolittar var meir utbreidd på jorda i prekambrium. Arkeiske fossil vert rekna å vere eincella koloniar av blågrøne algar, medan yngre (proterozoiske) fossil er prehistoriske former for grønalgar. Ein art av stromatolittar som var vanleg i geologihistoria er Collenia.

Førekomstar av stromatolittar[endre | endre wikiteksten]

Stromatolittar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]