Strukturmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polygonmark på Bridlicna i Hruby Jesenik-fjella i Tsjekkia.

Strukturmark, polygonmark eller rutemark er eit omgrep for overflateformer som vert danna i vassmetta, leirhaldig jord som avvekslande frys og tiner. I leirjord uten steininnblanding dannast tilnærma sekskanta polygon. Dei opptrer òg ved uttørring av leirslam. I steinblanda leirjord dannast steinrender ved utfrysing av stein mot polygonsprekkene. Steinrender dannast på same måte der terrenget er skrått, så jorda flyt i ei særskild retning. Dette vert kalla solifluksjon. Strukturmark vert særleg danna i område der grunnen er frosen året rundt, så vatnet ikkje har høve til å søkke ned i jorda. Særs store polygon eller ruter kan oppstå ved at overflaten sprekk når den frosne jorda og steinen trekkjer seg saman på grunn av sterk kulde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]