Stry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stry av linfibrar

Stry er hamp-, jute- eller linfibrar, opphavleg danna som avfall ved hekling og skaking.[1]

Stry, hamar og jarn for kalfatring.
Stry av hamp

Ein har tradisjonelt brukt stry til spinning av hyssing og som tettingsmateriale.[1] Stry kan mellom anna nyttast som tettingsmiddel i gjengane i skruesamanføyingar av røyr, og for å kalfatre, det vil seie å gjere natane, mellomromma, i bordgangane på trebåter og treskip vasstette. På røyr vert stryen vikla kring dei utvendige gjengane før røyra vert skrudd saman, og ved kalfatring vert stryen drive inn i natane med treklubbe og natjarn. I båe høve vert det nytta eit tettingmiddel som stryen vert sett inn med, ved kalfatring gjerne bek eller eit kunststoff.

Tidlegare vart stry òg nytta til tetting mellom vegg og karm for dører og vindauge i hus, mellom tømmerstokkane i tømmerveggar i hus, og i fleire andre samanhengar som det no for tida ikkje er aktuelt å nytte dette materialet.

Frå 1990-åra har stry også vore brukt i klede.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Stry», Store norske leksikon, 15. februar 2009