Stuart Sutcliffe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stuart Sutcliffe (23. juni 194010. april 1962) var ein britisk kunstmålar som også var musikar med The Beatles frå mai 1960 til juni 1961. Sutcliffe lagde mange måleri som for det meste var i stilen abstrakt ekspresjonisme.

Sutcliffe var fødd i Edinburgh, men voks opp i Liverpool. Kameraten John Lennon fekk han med som bassist i The Silver Beetles i mai 1960. Han var med på å endra bandnamnet til The Beatles. Sutcliffe tok aldri del i nokon av plateinnspelingane til gruppa, men var med på opptredenane i Hamburg i 1960 og 1961. Her møtte han Astrid Kirchherr, som han blei trulova med.

Sutvcliffe forlét gruppa for å via seg til kunstmåling i Hamburg, og hadde mellom anna den framtidige pop art-kunstnaren Eduardo Paolozzi som lærar. I april 1962 fall han saman med sterke hovudsmerte under ein kunsttime. Kort tid seinare døydde Sutcliffe av hjernebløding.

Få verk er att etter Sutcliffe. Medan dei tidlege verka hans var figuriske måleri prega av kvardagsrealisme, såkalla kitchen sink realism, blei dei meir abstrakte på slutten av 1950-talet, og kan samanliknast med den samtidige retninigen abstrakt ekspresjonisme frå USA.

Under John Moores-utstillinga ved Walker Art Gallery i Liverpool i november 1959 stilte Sutcliffe ut eit bilde, The Summer Painting, som Moores kjøpte for 65 pund, rundt to månadsløner for ein arbeidar på den tida. Galleriet kjøpte seinare Hamburg Painting no. 2, og eig også Self-portrait i kolstift og The Crucifixion.

På framsida til Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band frå 1967 er Sutcliffe avbilda heilt til venstre, saman med kunstmålaren Aubrey Beardsley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]