Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again»
Song av Bob Dylan
frå albumet Blonde on Blonde
Språk engelsk
Utgjeve 16. mai 1966
Innspelt 17. februar 1966
Sjanger Rock
Lengd 7:07
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again» er ein song av Bob Dylan på albumet Blonde on Blonde frå 1966.

Albumutgåva finst òg på Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II frå 1971. Ei anna utgåve av songen er på konsertalbumet Hard Rain frå 1976. Ei tidleg studioutgåve med raskare tempo vart gjeven ut på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack. Som denne tidlege utgåva indikerer, hadde Dylan vanskar med å passe teksten til takten og dette gjorde at songen vart omarrangert til ein meir vanleg 4/4-takt.[1]

Oh, Mama, can this really be the end
To be stuck inside of Mobile
With the Memphis blues again

Bob Dylan

Eit konsertopptak av songen finst på albumet Hard Rain frå 1976 og vart òg gjeven ut på singel med «Rita May» som B-side.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Alle dei tjue opptaka av «Stuck Inside of Mobile» vart gjort seint på natta den 17. februar 1966, i Columbia's Music Row Studios i Nashville. Dylan omarbeidde stadig songen i studio, endr teksten og endra songstrukturen på dei forskjellige opptaka. Til slutt, etter tre timar med innspelingar, var det tjuande og endelege opptaket klart.[2] Opptak nummer fem vart sidan gjeven ut på The Bootleg Series Vol. 7.

Heile innspelinga med alle dei tjue opptaka finst på den 18-plater store samlarutgåva av The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966 frå 2015, og høgdepunkt frå opptaka finst på 6-platersutgåva og den doble utgåva av albumet.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead spelte songen på konsertane sine i 1980- og 1990-åra, og framførte songen med Dylan sjølv då dei turnerte i lag i 1987. Cat Power spelte inn songen for filen I'm Not There. Den spanske artisten Kiko Veneno spelte denne songen i ei rumbaversjon. North Mississippi Allstars spelte songen i 2011 på albumet deira Keys to the Kingdom. Elvis Costello framførte ein soloversjon av songen på ein konsert i Mobile, Alabama den 13. mars 2015. Old Crow Medicine Show spelte inn songen i 2017 på hyllestalbumet 50 Years of Blonde on Blonde.

Norske versjonar[endre | endre wikiteksten]

To norske tekstar er skrivne til songen. Den første vart skriven av Jan Erik Vold og kalla «Sitte fast på Notodden med Briskeby blues» og framført av Kåre Virud i 1977. Denne versjonen vart òg framført av Blueslaget i 1984. Tom Roger Aadland skreiv og framførte ein nynorsk tekst kalla «Sitje fast i strileland med sentrumsblues i kveld» for albumet Blondt i Blondt i 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Teksten, arkivert frå originalen 13. mai 2008, henta 5. mars 2010 
  2. Bjorner, Olof (3. juni 2011). Columbia Music Row Studios, Nashville Tennessee, 17. februar 1966. Bjorner's Still on the Road. Henta 2011-09-10.
  3. «Bob Dylan - The Cutting Edge 1965-1966: The Bootleg Series Vol. 12». Arkivert frå originalen 7. februar 2016. Henta 29. november 2015.