Studentmållaget i Bergen
| Skipa | 1946 |
|---|---|
| Hovudkontor | Bergen |
| Leiar | Odin Hørthe Omdal |
| Nettstad | smib.nynorsk.no |
Studentmållaget i Bergen eller SmiB er eit lokallag i Norsk Målungdom (NMU), ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og har som føremål å arbeide for nynorsken blant studentar og akademikarar i Bergen. SmiB har heile tida hatt Universitetet i Bergen som kjerneområde.
Innhaldsliste |
[endre] Soge
SmiB vart skipa i 1946. I fyrste perioden var aktiviteten meir allmennkulturelt prega, og det å skape eit miljø for målstudentar var viktig. Såleis hadde ein vitjingar av forfattarar og fokus på litteratur. I tillegg var ein oppteken av måljamstilling ved Universitetet i Bergen.
I Vestlandsfan 6/1975 refererer ein til 15-årsjubileet for Studentmållaget. Ut frå arkivet er det ikkje rett, men det tyder på at perioden på slutten av 1950-talet var ein daudperiode. På 1960-talet hadde ein kulturmøte og dreiv jamstellingsarbeid bl.a. for å få eksamensoppgåver på nynorsk, seinare galdt det meir rom for nynorsken i administrasjonen og nynorske lærebøker. I 1965 hadde ein òg ei talemålsgruppe for å arbeide for nynorsk normaltalemål.
SmiB var aktivt alt i 1961-1962 aktiv i motstanden mot norsk medlemskap i EEC. Den politiske tendensen i SmiB vart endå sterkare på 1970-talet med EEC-striden og kopling av målsaka til aktuelle samfunnsspørsmål. Frå 1972 til 1976 var òg sentralstyret åt Norsk Målungdom i Bergen, og SmiB hadde etter måten stor innverknad. Flyttinga av sentralstyret frå Bergen til Oslo vart gjort med fleirtal på ei røyst på landsmøtet åt Målungdomen i 1976, og bakom låg ein målpolitisk strid fyrst og fremst mellom SmiB og Studentmållaget i Oslo. Noko forenkla kan ein seie at SmiB la vekt på nasjonale argument og synet om nynorsk som einaste riksmål i landet, medan Studentmållaget i Oslo stod på ei folkemåls-line.
Sosialt var Målkjellaren eit viktig tiltak på 1970-talet, men det var gjennomgåande eit spørsmål om kjellaren var meir ei ølstove enn eit måltiltak. Ein arrangerte òg ofsefestar, med allusjonar til Storofsen som for over Austlandet i 1789. Desse sosiale tiltaka var med på å gjere SmiB til ein viktig sosial treffstad for studentar.
På midten av 1980-talet kvikna SmiB til live att, etter ein daudperiode. Eit uttrykk for det var at ein gav ut bladet "Tal". Ein tok òg opp att tradisjonen frå 1970-talet med ofsefestar, og arrangerte debattmøte. Igjen var tanken å kople målsaka til samfunnsspørsmål, men ein var på same tida oppteken av å markere avstand til 1970-talet. På denne tida var det òg sterke motsetnader mellom SmiB og Norsk Målungdom. Motsetnadene dreidde seg særleg om ulike syn på sentralstyring, men òg om ideologi i ein periode der ein NMU la stor vekt på kople målsak til nasjonalisme. Det enda med at ein meldte seg ut av NMU i 1990, men ein melde seg inn att nokre år etter.
På 1990-talet vart SmiB igjen vitalisert gjennom striden om norsk medlemskap i EU. Mange av dei som då var aktive i SmiB, for så til sentralstyret åt NMU i Oslo.
[endre] Utgjevingar
SmiB ga ut bladet Vestlandsfa'n 1963–1982[1]. Dei fyrste 6 årgangane er forsvunne, so bibloteka har ikkje heile serien. Bladet vart halde fram av Tal som kom ut 1986–1993[2]
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Referansar
- Ulike årgangar av "Vestandsfan"
- Arkivet etter Studentmållaget i Bergen, møteprotokollar frå 1946 til 1986, deponert i Fensal.