Studva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Studva (Студва) | ||
| Utspring | Vest i Syrmia i Kroatia | |
| Munning | Bosut ved Morović i Serbia | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 37 km | |
| Nedslagsfelt | 355 km² | |
Studva (kroatisk; serbisk Studva eller Студва) er ei elv aust i Kroatia og nord i Serbia. Ho er 37 km lang og ei sideelv til Bosut frå høgre. Ho renn gjennom regionen Syrmia.
Studva spring ut frå myrene vest i Syrmia i Kroatia nær landsbyen Gunja. Ho renn sakte, meanderande og har danna fleire myrer. Studva renn eit stykke som grenseelv mellom dei to landa (18 km). Ved landsbyen Morović munnar ho ut i Bosut.
Elva drenerer eit område på 355 km² og nedslagsfeltet hennar høyrer til Svartehavet.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Studva» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.