Stumtenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein stumtenar er motivet i Garderobe av kunstmålaren Carsten Eggers frå 1991.

Stumtenar er nemninga på ein type frittståande stativ med krokar eller knaggar til å henge frå seg klede på, særleg ytterklede og hovudplagg. Stumtenarar er difor oftast plassert i ein gang eller ein entré, men det finst òg stumtenarar som er meint å stå på soverom for å henge frå seg kleda på for natta.

Som regel er stumtenaren laga som ein lang loddrett stang på ein fot, utstyrt med krokar eller knaggar i ein sirkel øvst, eventuelt med krokar i ulike nivå. Men stumtenarar kan òg ha andre utformingar, tilpassa særskilde funksjonar og andre tilhøve. Materialet er tre eller metall, eller ulike materialkombinasjonar.

I moderne hus er stumtenarar vorte eit sjeldsynt inventar.