Sturla Þórðarson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sturla Þórðarson (12141284), norsk form Sturla Tordsson, var ein islandsk hovding og skald, ein nevø av Snorre Sturlason.

Sturla er best kjend for å ha skrive Íslendinga saga, den lengste av sogene i Sturlunga saga, og Soga om Håkon Håkonsson. Den sistnemnde blei skriven på oppdrag av sonen til kong Håkon Håkonsson, Magnus Lagabøte, på 1260-talet. Seinare skreiv han òg Soga om Magnus Lagabøte, den siste av dei norrøne kongesogene, som det berre er brotstykkje att av.

Sturla var òg ein framståande hovding på Island, og sjølv djupt innblanda i hendingane og stridene som han skreiv om i Íslendinga saga. Ei tid var han lovseiemann, den fremste posisjonen på Island.