Stutteri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stutteriet i Lipica i Slovenia, kjend for lipizzanerhesten.

Eit stutteri er ein stad som driv med al og oppdrett av hestar.

Historisk blei hestar ala av adelsfolk. I mellomalderen gav nokre av desse kloster i oppdrag å driva stutteri, ettersom dei lesekunnige munkane kunne føra stambøker. Spanske karteusarmunkar er særleg kjende for å ha ala fram andalusiaren på 1400-talet.

Seinare grunnla herskarar stutteri der dei kunne ala fram hestetypane dei ville ha. Statsstutteri gav gjerne tilgang til alshingstar utan at ein måtte betala dyre avgifter.

Haras du Pin er blitt kalla «hestane sitt Versailles».

Dei austerrikske stutteria i Kladrub (no Kladruby i Tsjekkia) og Lipizza (no Lipica i Slovenia) blei grunnlagde i 1579 og 1580, og gav opphav til lipizzanar- og kladruberhestane.

På 1600-talet blei det grunnlagd fleire statlege stutteri for å sikra tilgangen på krigshestar til hærane. I Sverige blei det grunnlagd statsstutteri i Strömsholm, Flyinge og Ottenby på denne tida.

I 1665 gav Ludvig XIV av Frankrike ordre til ministeren Colbert om å laga ei stutteriordning for heile landet. Stutteria skulle ala, forska på og forbetra hesterasane. Bygginga av det første av dei, Haras du Pin, tok til i 1715. I dag er dette eitt av 23 franske statsstutteri.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Namnet til den tyske byen Stuttgart stammar frå stutteri.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]



Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.