Styggedalstindane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Styggedalstindane
Styggedalstind til høgre. Jervvasstind til venstre. Sett frå Fannaråki.
Styggedalstind til høgre. Jervvasstind til venstre. Sett frå Fannaråki.
Høgd over havet 2387 moh.
Ligg i/på Luster, Sogn og Fjordane
Fjellkjede Jotunheimen
Primærfaktor 155 m
Koordinatar 61°27′52″N 7°54′5″EKoordinatar: 61°27′52″N 7°54′5″E
Førsteklatring 6. august 1883 av Carl Christian Hall og Mattias Soggemoen

Styggedalstindane (2387 moh.), også kalla Styggedalstindene, inneheld det fjerde høgaste fjellet i Noreg, Store Styggedalstind. Det er ein fjellrygg som utgjer ein del av den større ryggen Styggedals- og Skagastølsryggen i fjellområdet Hurrungane sørvest i Jotunheimen. Styggedalstindane ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Ryggen, som ligg mellom Sentraltind i vest og Jervvasstind i aust, er rundt 800 meter lang og går i aust-vestleg retning. Ryggen er smal med bratt nord- og sørside. Ryggen har to toppunkt, Austtoppen (2387 moh.) og Vesttoppen (2383 moh.), som ligg rundt 300 m fra hverandre.

Styggedalstinden (Austtoppen) er det fjerde høgaste fjellet i Noreg. Sjølv om Vesttoppen òg er eit toppunkt, og høgdemessig er kvalifisert til å kallast det femte høgaste fjellet i Noreg, er han normalt ikkje med i lister over dei høgaste fjella ettersom han har ein primærfaktor på berre 25 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]