Styggmyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Styggmyr er eit norsk svartmetallband frå Lillehammer som har vore aktive sidan 1999.[1] Gruppa er sett i hop av Jørgen "Skogskjelv" Mengshoel på gitar og bass, Vegard "Skarpretteren" Evensen på vokal og Ghoul på trommer.[2] Musikalsk hentar bandet inspirasjon frå andre svartmetallgrupper av den gamle skulen som til dømes Carpathian Forest og Darkthrone, med eit tollegt rått og primitivt ljodbilete, tekstmateriale med karakteristisk svartmetalltematikk og medviten underproduksjon på utgjevingane. Nemninga war-metal har vorte nemnd som ein høveleg merkelapp på musikken deira, som har motteke blanda kritikkar[3][4].

Gruppa debuterte i 2003 med plata «World Massacre». I 2005 fylgde dei opp med plata «Hellish Blasphemy».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Demoar[endre | endre wikiteksten]

  • Stigma Diabolicum (2000)
  • Summoning The Demons (2003)
  • Sathanas Supreme (2007)

Album[endre | endre wikiteksten]

  • World Massacre (2003)
  • Hellish Blasphemy (2005)
  • Sathanas Supreme (2008)

Split-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ancient Chtonic Union (2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopedia Metallum
  2. Norweguan bandindex, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 26. april 2007 
  3. Melding av World Massacre, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 26. april 2007 
  4. Melding av Hellish Blasphemy, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 26. april 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]