Styreleiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein styreleiar eller styreformann er leiar for eit styre, i eit føretak, ein organisasjon eller anna.

Styreleiaren fastset saklista for styremøta og leiar møta i styret, i samsvar med dei reglar som måtte gjelde. Styreleiar vil også ha ansvaret for at saksgrunnlaget er tilstrekkeleg, at det blir fatta vedtak, og for oppfølging av dei vedtaka som blir fatta.

Dei nærare funksjonane og rolla som ein styreleiar har, varierer svært mykje, særleg fordi storleiken på det som ein styreleiar er leiar for varierer svært mykje: Ein styreleiar kan leie styret i små foretak utan tilsette, og i små lag og klubbar med få medlemmer. Og det kan vere snakk om multinasjonale foretak, og store internasjonale organisasjonar.

I organisasjonar er styreleiar ofte det same som å vere leiar av organisasjonen. Det varierer i kva grad ein slik leiarposisjon også inneber ei rolle i dagleg leiing, alt etter om dette også inneber at styreleiaren har dette som jobb på heil- eller deltid, og i kva grad her er tilsett dagleg leiing.

I føretak er rolla som styreleiar er som oftast skild frå jobben som dagleg leiar. I aksjeselskap blir styreleiaren vald av generalforsamlinga, eventuelt av styret sjølv der generalforsamlinga har gitt styret høve til dette. I ansvarlege selskap er hovudregelen at styret sjølv vel leiaren, men selskapsmøtet kan sjølv foreta valet dersom dette er bestemt i selskapsavtalen.

Uansett inneber rolla som styreleiar å halde kontakt med resten av styret, eventuell dagleg leiar og andre tilsette, og i organisasjonar å halde kontakt med medlemmane.

Roterande styreleiing har ein, når ein person er styrelear for berre eitt møte, og deretter overlet vervet til ein annan person.