Subjekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Subjekt er ein grammatisk funksjon på line med predikat, objekt, verbal, adverbial, dvs. ei nemning på hovuddelane ein kan dele ei setning opp i.

Eigenskapar ved subjekt[endre | endre wikiteksten]

Subjekt er eit nominalt setningsledd (nomenfrase), dvs. ein frase som inneheld anten eit substantiv eller eit pronomen.

Innleiingsvis kan ein seie at alle fullstendinge og sjølvstendige setningar er sett saman av eit subjekt og eit predikat: Predikatet uttrykkjer då handlinga eller hendinga det er snakk om medan subjektet uttrykkjer den mest prominente deltakaren i handlinga/hendinga. I setninga «Mor ror.» er mor subjekt og ror predikat; i setninga «Den unge mora roa ned borna sine» er den unge mora subjektet og roa ned borna sine predikatet. Tek ein bort subjektet i desse tilfella står ein att med ufullstendige/usjølvstendige setningar.

Kategorien ‘subjekt’ har ulike kjennemerke i ulike språk: I nokre språk (som norsk) kan subjekt definerast ut frå posisjon, i andre har det ingen fast posisjon, men kan i staden ha ein viss kasus (som t.d. nominativ). Semantisk sett vil subjektet ofte uttrykkje den potensielle handlaren i setninga, men slik er det slett ikkje alltid: Samanlikn t.d. «Mannen kokar graut,» med «Grauten kokar.» og «Grauten vart kokt av mannen.» – berre i den første setninga viser subjektet til den semantiske rolla agens (dvs. ein ‘handlar’). Subjektet har derimot dei syntaktiske eigeskapane å kunne spele ei prominent rolle i visse grammatiske prosessar, som nettopp passivisering, refleksivisering, serielle verbkonstruksjonar.

Subjekt i norsk[endre | endre wikiteksten]

I norsk kan subjektet definerast som det setningsleddet som står rett etter det finitte (tempusmarkerte) verbet når setninga blir gjort om til eit ja/nei-spørsmål, jf. «Ror mor?» og «Roa den unge mora ned borna sine?».

Ei setning som «Marit likte Per godt» er på norsk tvetydig fordi ho kan lesast med anten Marit (umarkert) eller Per (markert) som subjekt. Dersom setninga inneheld både eit finitt (hjelpe)verb og eit infinitt (hovud)verb, fell tvetydigheita bort: «Marit har likt Petter godt.» (Marit = subjekt) vs. «Marit har Petter alltid likt godt» (Petter = subjekt). Som ved omskriving til ja/nei-spørsmål ser ein at frasen Per står rett etter det finitte verbet (har) når det er subjekt.

Pronomen som fyller subjektsfunksjonen har på norsk nominativ kasus (gjerne kalla ‘subjektsform’ i skulegrammatikken). Med utgangspunkt i den tvetydige setninga «Marit likar Per godt» kan ein lage utvetydige versjonar dersom ein byter namna ut med pronomen: «Eg likar deg godt.» vs. «Meg likar du godt.». For å identifisere subjektet i ei norsk setning har ein såleis to testar ein kan bruke: 1) Posisjonen rett etter det finitte (tempusmarkerte) verbet (f.eks. ved omskriving til ja/nei-spørsmål) og 2) omskriving med pronomen. Den siste testen føreset at ein vel seg pronomenformer der det er skilnad mellom nominativ og andre kasus – i t.d. tredje person fleirtal (dei) er det samanfall.

Norsk er eit V2-språk - i deklarative heilsetningar står det finitte verbet alltid på andreplass - subjektet får plassen rett før verbet (som i setninga eg syklar) med mindre denne posisjonen er okkupert av eit setningsadverbial (som i setninga no syklar eg). Dyvik (2000) gir ei analyse kor det finitte verbet er etterfulgt av ein eksosentrisk frase S som kan ha subjektet på første eller andre plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Dyvik, H.: Nødvendige noder i norsk. Grunntrekk i en leksikalsk-funksjonell skildring av norsk syntaks. I: Breivega, Kjersti Rongen, Torodd Kinn og Øystein Alexander Vangsnes (red.): Menneske, språk og fellesskap. Festskrift til Kirsti Koch Christensen på 60-årsdagen 1. desember 2000. Oslo, 2000, Novus Forlag, ISBN 82-7099-322-0