Substitute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Substitute
Singel av The Who
B-side
  • «Circles (Instant Party)» (Storbritannia)
  • «Waltz for a Pig» (USA)
Språk engelsk
Utgjeve 4. mars 1966(Storbritannia)
5. april 1966(USA)
Innspelt 12. februar 1966
Studio Olympic Studios, London
Sjanger Power pop[1][2][3]
Lengd 3:47
2:59 (USA)
Selskap Reaction (Storbritannia)
Atco (USA)
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Pete Townshend
The Who-kronologi 
«My Generation»
(1965)
Substitute «A Legal Matter»
(1966)


«Substitute» er ein song av det engelske rockebandet The Who skriven av Pete Townshend. Han vart gjeven ut som singel i mars 1966 og nådde femteplass i Storbritannia. Ei ny utgåve av singelen nådde sjuandeplassen i 1976.[4]

I 2006 rangerte Pitchfork «Substitute» på 91. plassen på lista si over «dei 200 beste songane frå 1960-åra».[5]

Inspirasjon og låtskriving[endre | endre wikiteksten]

«Substitute» var hovudsakleg inspirert av soulsingelen «The Tracks of My Tears» av Smokey Robinson and the Miracles frå 1965. Pete Townshend vart oppslukt av linja «Although she may be cute/She's just a substitute.» Dette fekk så Townshend til «å hylle ordet med ein eigen song.»[6]

Songen er ikkje berre kjend for den skarpsindige teksten, men for den intense bassen til John Entwistle (visstnok skrudde Entwistle volumet på bassen opp så høgt som han kunne utan at resten av bandet visste om det).

For den amerikanske singelen, som kom i april 1966, vart linja i refrenget «I look all white but my dad was black» endra til «I try walking forward but my feet walk back.»[4] Det komplette andreverset og refrenget vart òg korta ned på den amerikanske utgåva, slik at lengda vart redusert til to minutt og femtini sekund.[7]

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Songen har alltid vore ein favoritt hos fansen og er blitt spelt på dei fleste konsertane til The Who, skriv allmusic.[3] «Substitute» har i lag med «I Can't Explain» vore opningslåtane deira sidan 1971.[8] Songen finst på konsertalbuma Live at Leeds og Live at the Isle of Wight Festival 1970.[9]

Keith Moon hadde eit uklårt minne om innspelinga av songen og fortalde i eit intervju at han ikkje hugsa å spele på songen i det heile, fordi han var for neddopa. Då songen kom ut skal han ha skulda dei andre medlemmene i bandet for å ha leigd inn ein annan trommeslagar.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10] 17
Nederland (Mega Single Top 100)[11] 2
UK Singles (Official Charts Company)[12] 5
Tyskland (Media Control AG)[13] 13

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt av mellom andre punkrockgruppa The Ramones på albumet deira Acid Eaters og vart gjeven ut som singel av Sex Pistols. Det engelske rockebandet Blur spelte òg songen i 1994 på eit hyllestalbum, Who Covers Who?

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Theo Cateforis (7. juni 2011). Are We Not New Wave?: Modern Pop at the Turn of the 1980s. University of Michigan Press. s. 129. ISBN 0-472-03470-7. 
  2. Moerder, Adam (16. august 2006). «The 200 Greatest Songs of the 1960-åra – Part Three: #100-61». Pitchfork Media. Henta 15. november 2015. [daud lenkje]
  3. 3,0 3,1 Unterberger, Richie. «Substitute – Song Review». Arkivert frå originalen 7. april 2011. Henta 9. mai 2014. . AllMusic. Rovi.
  4. 4,0 4,1 John Atkins (2000). The Who on Record: A Critical History, 1963-1998. McFarland. s. 324. ISBN 978-0-7864-0609-8. 
  5. Staff, Pitchfork (16. august 2006). «The 200 Greatest Songs of the 1960-åra». Pitchfork Media. Condé Nast. Henta 12. september 2019. [daud lenkje]
  6. «Smokey Robinson and the Miracles, 'The Tracks of My Tears'». Rolling Stone. Wenner Media. 7. april 2011. Arkivert frå originalen 21. september 2017. Henta 12. september 2019. 
  7. Mike Segretto (1. mars 2014). The Who FAQ. Backbeat Books. s. 187. ISBN 978-1-4803-9252-6. 
  8. Chris Charlesworth; Ed Hanel (2004). The Who: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press. s. 16. ISBN 978-1-84449-428-6. 
  9. Janovitz, Bill. SubstituteAllmusic. Henta 12. september 2019.
  10. "Ultratop.be – The Who – Substitute" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 12. september 2019.
  11. "Dutchcharts.nl – The Who – Substitute" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 12. september 2019.
  12. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 12. september 2019.
  13. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 12. september 2019.