Subtraktiv fargeblanding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Subtraktiv fargeblanding
Fargefoto av Louis Ducos du Hauron frå 1877. Dei overlappande fargane gult, cyan og raudt (magenta) er godt synlege.

Ei subtraktiv fargeblanding er ei fargeblanding som primært byggjer på absorpsjonen av lys og refleksjon i materien, til dømes ved blanding av målarfargar.

Subtraktive fargesystem byrjar med kvitt ljos. Frå kvitt ljos blir visse bølgjelengder subtrahert ved at pigmentert blekk, maling eller fotografisk film plasserast mellom observatøren og lyskjelda eller den reflekterande overflata.

Til skilnad frå subtraktiv fargeblanding byrjar additiv fargeblanding med fråvær av lys (svart). Lys med ulike bølgjelengder blir sendt ut i ulike grader av intensitet og blir oppfatta av auget som fargar. Det er dette som skapar inntrykket av fargar på til dømes ein TV-skjerm.

Ved fargetrykk brukast primærfargene cyan, magenta og gult (CMY). Cyan er komplementærfarge (motsett) til raudt, dvs at cyan virkar som eit filter som absorberer raudt. Mengda cyan vil avgjere kor mykje raudt som vil visast på biletet. Magenta er komplementærfargen til grønt, og gult er komplementærfargen til blått. Når ein blandar like delar av gult og magenta får eit raudt. Like delar gult og cyan gjev grønt, medan cyan og magenta gjev blått. Sekundærfargene raudt, grønt og blått (RGB) er primærfarger ved additiv fargeblanding. Ulike blandingsforhold av cyan, magenta og gult gjev uendeleg mange fargenyansar. Like delar av primærfargene blir i teorien svart farge - men i praksis er blandinga brunaktig. Difor er det vanleg å bruke svart som ein eigen farge. Denne blandinga av cyan, magenta, gult og svart blir kalla CMYK.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]