Subtropisk syklon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit subtropisk lågtrykk

Ein subtropisk syklon er eit vêrsystem som har nokre av eigenskapane til ein tropisk syklon og nokre av eigenskapane til ein ekstratropisk syklon. Dei kan oppstå i eit breitt område frå ekvator til 50º.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Lågtrykk i høgda[endre | endre wikiteksten]

Den mest vanlege forma for subtropiske lågtrykk er ei kald kjerne i høgda med sirkulasjon som strekkjer seg ned til overflata, og området med sterkast vind strekkjer seg vanlegvis i ein radius om lag 150-200 km bort frå senteret. Samanlikna med tropiske syklonar har slike lågtrykk eit relativt stort område med kraftig vind langt borte frå senteret, og har vanlegvis eit mindre symmetrisk vindfelt og fordeling av konveksjon.

Mesoskala lågtrykk[endre | endre wikiteksten]

Ei anna form for ein subtropisk syklon er eit mesoskala lågtrykk som oppstår nær horisontale vindskjer, gjerne i samband med gamle frontar. Området med kraftigast vind er vanlegvis mindre enn 50 km stort i diameter. Heile lågtrykket har vanlegvis ein diameter mindre enn 150 km. Desse forholdsvis kortvarige systema kan ha både varm og kald kjerne. Frå 2006 vart derimot systema med varm kjerne definert som tropiske lågtrykk og ikkje lenger kalla subtropiske.

Omforming frå ekstratropiske syklonar[endre | endre wikiteksten]

Ein ekstratropisk syklon kan omformast til eit subtropisk lågtrykk ved at det tileignar seg tropiske eigenskapar. Eit subtropisk lågtrykk kan vidare utvikle seg til ein tropisk syklon, medan enkelte tropiske lågtrykk kan utvikle seg til subtropiske lågtrykk. Som oftast vert derimot ikkje tropiske lågtrykk eller tropiske syklonar kalla subtropiske medan dei vert omforma til ekstratropiske lågtrykk. Omforminga frå ekstratropiske syklonar krev vanlegvis stor instabilitet gjennom troposfæren med ein temperaturskilnad på over 40 °C frå havoverflata til ei høgd på om lag 6000 m.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Desse lågtrykka kan ha maksimal vindstyrke som strekkjer seg lenger bort frå senteret enn tropiske syklonar. Den kraftigaste vinden som er målt i samband med eit subtropisk lågtrykk er 33 m/s, som er orkan styrke på Beaufortskalaen. NOAA klassifiserer dei subtropiske syklonane som oppstår i Atlanterhavet på same måte som dei klassifiserer tropiske syklonar. Dei med vind under 18 m/s vert kalla subtropiske lågtrykk, medan dei med vind over dette vert kalla subtropiske stormar. Subtropiske syklonar kan oppstå utanfor orkansesongen, som er frå juni og ut november.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste subtropiske syklonar oppstår når ein ekstratropisk syklon med kald kjerne kjem inn i subtropiske strøk. Frontsystemet til den ekstratropiske syklonen er vanlegvis borte i slike tilfelle. Sidan desse syklonane har kald kjerne i høgda er temperaturskilnaden mellom 500 hPa trykknivået, eller høgda om lag 6000 m over bakken, og havoverflatetemperaturen som regel større enn den tørradiabatiske temperaturendringa. Dette fører til svært ustabile forhold som dannar torebyer eit stykke aust for senteret. Havoverflatetemperaturen må som regel vere minst 20 °C for at denne utviklinga skal oppstå. Dei første torebygene fører til meir fukt rundt lågtrykket, noko som destabiliserar atmosfæren ved å redusere den adiabatiske temperaturendringa ein treng for å få konveksjon. Ei kort bølgje eller ei forstyrring i jetstraumen i høgda kan så føre til at konveksjonen vert flytta nærare senteret og utviklinga av den subtropiske syklonen startar. Havoverflatetemperaturen som fører til vidare utvikling av subtropiske syklonar er 24 °C. Visst torebyene vert kraftige nok og den varme kjernen ved overflata vert djup nok, kan ein få utvikla tropiske syklonar.

I USA får subtropiske syklonar i Atlanterhavet namn på same måten som tropiske orkanar. Namnet er derimot ein bokstav og talkode, men om syklonen vert omforma til ein tropisk orkan får den namn etter namnelistene til tropiske orkanar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Syklonar og antisyklonar
Ekstratropisk syklonMesosyklonPolarsyklonPolart lågtrykkSubtropisk syklonTropisk syklon