Sudetane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn frå Zygmuntówka-hytta på Góry Sowie
Øydelagd skog på toppen av Wielka Sowa

Sudetane (tysk Sudeten; tsjekkisk og polsk Sudety) er ei fjellkjede i Sentral-Europa. Fjellkjeda strekkjer seg frå austlege område av Tyskland til Polen og Tsjekkia. Det høgaste fjellet er Sněžka (Śnieżka) i Karkonoszefjella på den tsjekkiske-polske grensa, med ei høgd på 1 602 meter.

Karkonoszefjella har dei siste ti åra fått stadige fleire skituristar, og skistadane her har vorte eit alternativ til Alpane.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Sudetane kjem frå Sudeti montes, ei latinisering av namnet Soudeta ore brukt i Geographia av Klaudios Ptolemaios (Bok 2, Kapittel 10). Ptolemaios skreiv at dei låg over Gabretaskogen, som plasser dei i Sudetenland. Ptolemaios skreiv på gresk, der namnet var i fleirtal. Det latinske ordet «mons» er derimot maskulint og derfor «Sudeti». Tydinga av namnet er derimot ikkje kjend. Ein hypotese er at det tyder Villsvinas fjell, og at det har opphav i den urindoeuropeiske rota *su-, «gris». Ein kanskje betre forklaring kjem frå det latinske ordet «sudis», som i fleirtal vert «sudes». Dette tyder «ryggradar».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den nøyaktige plasseringa av Sudetane er ikkje klar, og har variert gjennom hundreåra. Det antikke «Sudetenland» gjekk minst så langt som til den nordvestlege grensa av det som i dag er Tsjekkia, og sannsynlegvis lenger nord. Dermed var området ein del av Den herkyniske skogen, som vert nemnd av mange forfattarar i antikken.

Namnet vart brukt før den andre verdskrigen in det tyske provinsen Sudetenland. Dei etniske tyskarane som budde der vart kalla sudettyskarar. Dei levde tett saman, særleg ved grensene til Böhmen, Schlesien og Sachsen. Dei var etterkomarane av tyske kolonistar frå mellomalderen, som vart invitert av kongar frå Böhmen for å drive jordbruk i dei tidlegare slaviske områda. Adolf Hitler omdefinerte feilaktig omgrepet til å gjelde heile fjellområda i Tsjekkoslovakia, og dermed fekk han sine framtidige fiendar til å godta dei nye tsjekkiske grensene i München-avtalen. Tyskarane tok i mars 1939 resten av Tsjekkoslovakia. Dei tyske innbyggjarane i Tsjekkoslovakia vart etter krigen kasta ut av landet.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Sudetane vert vanlegvis delt inn i:

Landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Viktige landsbyar i området:

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sudetane

Kjelde[endre | endre wikiteksten]