Suecia antiqua et hodierna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelbladet frå Suecia antiqua et hodierna fyste bind. Teikningen er ved David Klöcker Ehrenstrahl.

Suecia antiqua et hodierna (latin for Det tidlegare og noverande Sverige) er eit topografisk plansjeverk med koparstikk over Sverige under stormaktstiden utarbeidd av Erik Dahlbergh (1625–1703) og finansiert av den svenske stat. Det kom ut fyste gong i 1716.

Verket inneheld 353 plansjar med 469 koparstikk. Hundre av dei syner byar i daverande Sverige med Österland og riksdelar i det noverande Finland. Andre viser ymse slott, herregardar, kyrkjer m.m. Planen var at verket òg skulle innehalde ein tekstdel.

Arbeidet starta i 1660 da Dahlbergh reiste Sverige rundt for å teikne byar og viktige byggverk. Han fekk kjende kunstnarar til hjelp med teikningane, mellom dei Johan Lithén, gravøren Johannes Aveelen og hoffmalaren David Klöcker Ehrenstrahl.

Dahlbergh fekk tilsett gravørar frå Frankrike og Holland og reiste sjølv til Paris for å styre arbeidet. Etter han reiste heim tok Samuel Agriconius (Åkerhielm) over.

Trykkinga av verket tok lang tid og fyst i slutten av 1720-åra var plansjedelen til ein viss grad eit ferdig bokverk. Det har seinare komme ut i fleire nyutgåver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Suecia antiqua et hodierna