Suffragette City

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suffragette City
Singel av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
B-side

«Stay»

Språk engelsk
Utgjeve 9. juli 1976
Innspelt Trident Studios, London, 4. februar 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 3:25
Selskap RCA Records
2726
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Ken Scott
David Bowie-kronologi 
«Stay»
(1976)
Suffragette City «Sound and Vision»
(1977)


Wham bam thank you ma'am!

David Bowie (1972)

«Suffragette City» er ein song av David Bowie gjeven ut på The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972. Han vart seinare gjeven ut som singel i 1976 for å promotere samlealbumet Changesonebowie i Storbritannia, med den amerikanske singelutgåva av «Stay» som B-side. Singelen nådde ikkje lista.

Han vart spelt inn den 4. februar 1972[1], mot slutten av innspelinga av Ziggy Stardust og har eit pianoriff kraftig inspirert av Little Richard, ein tekstreferanse til filmen A Clockwork Orange (ordet «droogie») og den fengande pausen med tekstlinja «Wham bam thank you ma'am!», som Bowie tok frå ei Charles Mingus-innspeling.[2] Songen erstatta Chuck Berry sin «Round and Round» på albumet.[2]

Bowie og Mick Ronson såg A Clockwork Orange kort tid etter han kom i London i midten av januar 1972, og sjølv om Bowie alt hadde skrive «Suffragette City», påverka Stanley Kubrick-filmen han på denne songen, som vart skriven ferdig tidleg i februar. Filmen påverka òg biletbruken i heile Ziggy-konseptet. Bowie opna dei fleste Ziggy Stardust-konsertane sine med Moog-utgåva av Den 9. symfonien til Beethoven, medan droog-kleda til Malcolm McDowell og venene hans i filmen inspirerte scenekleda til Spiders From Mars.[2]

Før Bowie spelte inn songen sjølv, tilbaud han songen til bandet Mott the Hoople om dei unngjekk planane om å oppløyse bandet. Gruppa avslo, men spelte inn Bowie sin «All the Young Dudes» i staden for.[3]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Suffragette City» er meir ein slags sex-komedie enn oppfordring til vald. I staden får å vere ein trugande, glatt figur som Alex i Clockwork Orange, er songaren heller ein forvirra ung mann, på nåde for alle rundt seg, som romkameraten/kjærasten (kanskje Henry), og ei kvinne som har forheksa han.[2] Han skal ha eit seksuelt møte med kvinne ein ettermiddag, og det heile er raskt over (som «Wham! Bam!» indikerer). Ho kjem frå «Suffragette City» («suffragette» tyder «stemmerettskvinne») og indikerer at ho kjem frå ei ny verd av frigjorte kvinner som eksisterer berre for å torturere songaren.[2]

Songen er ein ordentleg rockelåt som opnar med eit enkelt og brutalt gitarriff.[2] Pianoer hamrar laus åttandedelsnotar heile vegen gjennom. Bowie ønskte å nytte ein massiv saksofonlyd mot gitarane, men Bowie var ikkje dyktig nok på saksofon til å få dette til.[2] I staden for saksofonar, fekk Ken Scott tak i ein ARP 2600 synthesizer, og prøvde å få han til å låte så likt ein saksofon som mogeleg. Ronson spelte syntheziseren.[2]

Songen vart spelt inn 12.-18. januar og 4. februar 1972.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Suffragette City» (Bowie) – 3:25
  2. «Stay» (Bowie) – 3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie spelte inn songen for BBC-radioprogrammet «Sounds of the 70s: John Peel», og dette vart sendt 23. mai 1972. I 2000 vart denne innspelinga gjeven ut på Bowie at the Beeb.
  • Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium, 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72.
  • Eit opptak frå den kjende konserten i Hammersmith Odeon i London, 3. juli 1973 vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture.
  • Ei innspeling frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på Sound and Vision-boksen. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på den halvoffisielle A Portrait in Flesh.
  • Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeve ut på Live Nassau Coliseum '76, ein del av nyutgjevinga av Station to Station i 2010.

Songen vart spelt på dei fleste konsertane til Bowie i 1970-åra og kom attende i 1990 og på turneen i 2003-2004.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.242
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Chris O’Leary. «Suffragette City». Pushing Ahead of the Dame. Henta 28. januar 2016. 
  3. Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 282. ISBN 0-85112-072-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]