Sugar, Sugar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sugar, Sugar
av The Archies
frå albumet Everything's Archie
Utgjeve 26. juli 1969
Innspelt 1969
Sjanger Tyggegummipop
Lengd 2:48
Selskap Calendar, RCA
Låtskrivar(ar) Andy Kim, Jeff Barry
Produsent Jeff Barry
The Archies-kronologi
«Feelin' So Good (S.K.O.O.B.Y.-D.O.O)»
(1969)
Sugar, Sugar «Jingle Jangle»
(1969)

«Sugar, Sugar» er ein popsong skriven av Jeff Barry og Andy Kim. Han vart framført av The Archies, eit oppdikta band frå den animerte fjernsynsserien The Archie Show. Songen nådde toppen av singellista i USA i 1969 og låg der i fire veker.

Hit-versjon[endre | endre wikiteksten]

«Sugar, Sugar» av The Archies vart produsert av Jeff Barry og songen vart opphavleg gjeve ut på albumet Everything's Archie. Albumet vart spelt inn av studiomusikarar rettleia av Don Kirshner. Ron Dante song solovokal på songen i lag med Toni Wine (som song linja «I'm gonna make your life so sweet»), og Andy Kim. I lag danna dei stemmene til the Archies ved hjelp av fleirsporsinnspeling.

Då songen kom ut fekk Kirshner folk til å spele han for radiostasjonar utan å fortelje dei kven som spelte (fordi den førre singelen til the Archies hadde selt skuffande). Først då dei forstod at dei fleste DJane likte songen, vart dei forklart at songen vart framført av ei teikneseriegruppe. The Archies-hitten vart ein av dei største (og ein av dei mest uventa) førsteplassane i USA det året, og den største tyggegummipop-hitten gjennom tidene, både i Amerika og Europa.

Songen låg på toppen av lista til Billboard for heile 1969. Han toppa òg listene i Canada (i tre veker), Storbritannia (8 veker), Sør-Afrika og i Noreg (10 veker). Songen er lista på 63. plass på Billboard's Greatest Songs of All Time.[1] 5. februar 2006 vart «Sugar, Sugar» innlemma i Canadian Songwriters Hall of Fame, sidan eine låtskrivaren, Andy Kim opphavleg var frå Montreal i Quebec.

Songen skal visstnok ha blitt tilbode The Monkees, sjølv om låtskrivaren Jeff Barry nektar for dette.[2] Don Kirshner har sagt at Mike Nesmith slo neven gjennom veggen på Beverly Hills Hotel fordi han nekta å gjere «Sugar, Sugar».[3] Monkees sin akrivekspert, Andrew Sandoval har foreslått at bandet kanskje i staden vart tilbode ein song kalla «Sugar Man», men at dette med tida har blitt hugsa feil som «Sugar, Sugar».

Musikarane som spelte på songen var Ron Frangipane - klaver, Chuck Rainey - bass, Gary Chester - trommer, Dave Appell - gitar, Harry Amanatian - gitar og Ray Stevens - handklapp.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Wilson Pickett, Tommy Roe, Alex Chilton, Willie Henderson, Bob Marley & The Wailers, Jonathan King (ein rockversjon som nådde 12. plass i Storbritannia)[4], Gladys Knight & The Pips, the Germs, Stars on 45, Duke Baysee (nådde 30. plass i Storbritannia i 1994), Semisonic og Magneto.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Canada (RPM) 1[5]
Noreg (VG-lista) 1
Storbritannia (UK Singles Chart) 1[6]
USA (Billboard Hot 100) 1[7]
Spania (Los 40 Principales) 1
Tyskland 1
Irland 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Billboard Hot 100 All-Time Top Songs (70-61)». Billboard. Arkivert frå originalen den 2012-05-26. https://archive.is/hvzb. Henta 2008-11-01. 
  2. Cooper, Kim; Smay, David, eds. (2001). Bubblegum Music is the Naked Truth: The Dark History of Prepubescent Pop, From the Banana Splits to Britney Spears. Feral House. ss. 77. ISBN 0-922915-69-5. 
  3. Kirshner interview on "Popular Song: Soundtrack of the Century episode Modern Pop"; Ron Dante also clarifies this on a DVD called "Archie's Funhouse," a three-disc set that features Ron Dante in a bonus segment.
  4. «Part 5». 65mylifesofar.com. http://www.65mylifesofar.com/part5.html?start=11. Henta 18. august 2013. 
  5. «Item Display: Top Singles - Volume 12, nr. 4, September 13, 1969». RPM. Library and Archives Canada. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5955&type=1&interval=24&PHPSESSID=ccntousk30frf6h4jsn237nm12. Henta 12 November 2010. 
  6. «Artist Chart History Details: Bobby Vee». The Official Charts Company. http://www.theofficialcharts.com/artist/_/archies/. Henta 4 August 2010. 
  7. «The Archies: Billboard singles». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-archies-p22386/charts-awards/billboard-singles. Henta 12 November 2010.