Suining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suinings plassering (gul) i Sichuan

Suining (forenkla kinesisk: 遂宁; tradisjonell kinesisk: 遂寧; pinyin: Sùiníng) er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot byprovinsen Chongqing i aust. Byprefekturet har eit areal på 5 326 km², folketalet vart i 2002 berekna til 3,72 millionar.

Byprefekturet Suining omfattar to distrikt (区 ) og tre fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 318, ein av Folkerepublikken Kinas lengste hovudveger, går gjennom området. Vegen tek til i Shanghai og er mellom anna innom Wuhan og Chengdu før han går inn i Tibet og Lhasa og heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]