Suir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suir
Suir ved Holycross
Suir ved Holycross
Utspring Devil's Bit Mountain i County Tipperary
Munning Det keltiske havet ved Waterford
Land i nedslagsfelt Irland Republikken Irland
Lengd 183 km

Suir (irsk An tSiúr eller Abhainn na Siúire) er ei elv på Irland som munnar ut i Atlanterhavet nær Waterford. Ho har ei lengd på 183 km. Suir er ei populær fiskeelv og her finn ein mykje aure og laks.

Elva har sitt utspring i Devil's Bit Mountain, like nord for Templemore i County Tipperary, og renn sørover gjennom Loughmore, Thurles, Holycross, Golden og Knockgraffon. Ho renn saman med Aherlow ved Kilmoyler og seinare med elva Tar. Ho snur austover ved Comeraghfjella, og dannar grensa mellom County Waterford og County Kilkenny. Ho renn så gjennom Cahir, Clonmel og Carrick-on-Suir før ho når Waterford. Her møter ho elva Barrow og Nore og dannar eit breitt estuar der havgåande skip kan segle.

I lag med elvene Nore og Barrow er elva ein del av Dei tre søstrene.

Suir vert på irsk kalla Siúr og ein meiner at det engelske namnet kanskje er ei feilskriving der ein har byta om u og i.

Tidleg på 2000-talet vart det funne restande av ein stor vikingbusetnad ved ein sving i elva, like oppom Waterford.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]