Suite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Suite i musikk)
«Gigue» frå Suite nr. 2 for cello BWV 1008 av Bach.

Suite (fransk 'rekkje', også Partita) er ei samanstilling av musikkstykke med og utan dansekarakter. Suiten er den tidlegaste typen musikkstykke med fleire satsar i europeisk instrumentalmusikk, og hadde ei stordomstid hjå Johann Sebastian Bach.

Døme på ein suite: Partita for cembalo nr. 6 i e-moll BWV 830 av Bach.

Suiten er ei form som særleg vart brukt i barokken. Normalt er alle satsane i same toneart. Dei er sånn sett saman at dei dannar kontraster - først ein langsam, så ein hurtig dans og så bortetter. Vanlege kombinasjonar er allemande (langsam) - courante (hurtig) - sarabande (langsam) - gigue (hurtig). Mellom desse satsane kan stykke av ulik karakter vere plassert.

Seinare blei «suite» brukt om fleire syklusar sett saman av mindre stykke, til dømes av scenemusikk sett saman for konsertoppførring. Særleg i romantikken blei utdrag av scenemusikk skrivne til eit skuespel kalla suite.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Camille Saint-Saëns:

Edvard Grieg:

Gabriel Fauré:

  • Pelléas et Mélisande (skodspelmusikk)

Nikolaj Rimskij-Korsakov:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]