Sukhmani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sikhismen
Khanda1.svg
Sikh-guruar
Skrifter
Guru Granth Sáhib
Bani - «Tjaupai»
«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib»
«Mul Mantra» - «Sukhmani»
Dasam Granth
Religionsfilosofi
Nám djapo (Gudsteneste)
kirat karni (ærleg arbeid)
vand kay sjako (del goda)
tru - etikk - moral
Dei fem K-ane
kesj (uklipt hår)
kaṛa (stålarmband)
kangha (stålkam)
katjha (knesid underbrok)
kirpán (sabel, evt. dolk)
Heilage stader
Amritsar
Harmandir Sáhib
(«Det gylne tempelet»)
gurdvara
Folk og språk
Panjab - panjabi
sikhar - gurmukhiskrift
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í


«Sukhmani» (panjabi ਸੁਖਮਨੀ sukhamanī) eller «Sukhmani Sáhib» er ein filosofisk song i den heilage boka til sikhane, Guru Granth Sahib. Songen vart skriven av Guru Ardjan1500-talet og finst på sidene 262 til 295 i tradisjonelle utgåver av Guru Granth Sahib. Musikken er i gauri-ragaen.

Sukhmanien er ein av dei viktigaste og mest heidra songane i boka. Sikhar ser på han som den andre utvidinga av grunnidéane i «Mul Mantra», etter Djapdji Sáhib, som er den første. Namnet sukhmani tyder bokstavleg «det som gjer hugen glad». Songen skildra den skiraste idéen av Gud som menneska kan skjøna, og måten for å nå han.

Sukhmanien er delt inn i 24 delar. Kvar av desse inneheld eit kort vers, sjalok, og ein asjtapadi, ein song av åtte vers med ti linjer. Dei religiøse og filosofiske idéane sukhmanien handlar om utviklar seg over desse 24 delane. Dei første tre er om Nām, Gud sitt namn. Sukhmanien seier at å tenkja på Gud og syngja Guds namn er vegen til velnøye i livet og frelse etter livet. Å syngja Guds namn hjelper menneska i det daglege livet og førebur sjela for spirituell vekst. Livets ulykker kan ikkje skada ein som syng Guds namn med kjensle og misser seg sjølv i gudshug:

Den høgaste av alle religionar
er det å syngja Gud sitt namn
Den beste av alle handlingar
er det å gjenta Gud sitt namn
Den venaste flekken i allheimen
er hjartet gjennomsyrt av Gud sitt namn

Dei neste tre songane (asjtapadi 4, 5 og 6) talar om menneske. Menneske har fått mange gåver frå Gud, som dei bør bruka. I staden for å bli sjølvkjære og opptekne av den materielle verda, må menneska takka Gud for alt han har gjeve, og bruka dei til Guds ære og det gode livet.

Songane 7–20 talar om heilage menneske. Det er gjennom heilage menneske at vanlege menneske kan nå Gud. Dei heilage er ikkje dei største vitskapsmenn, dei best kjende prestane, dei mest ortodokse brahminane eller dei mest asketiske helgenane. Vanlege folk som gjer alt dei bør i det daglege livet og «lever som ein lotusblome, uskada av verda si ureinleik» er heilage. Ein kan forsterka dei spirituelle yteevnene ein har ved å vera saman med heilage folk. Saman med dei vert eit vanleg menneske òg mindre oppteke av sanselege og lekamlege ting. Dei kan leia ein vekk frå sjølvsentrering til å overgje seg til Gud. Desse songane talar deretter om korleis ein som vil nå Gud bør leva.

Dei fire siste songane skildrar Gud. Dei diskuterer korleis universet vart skapt, og korleis Gud stig over og sameinar alt som finst. Det er frå han at alt som er godt i verda og i menneske kjem. Gud vernar alle, til og med dei som frivillig går vekk frå han. Han finst i kvar plass og kvar ting. Dei som er ekte søkjarar veit at menneske kan aldri skjøna han, og dei gjev han ære for alle dei vedunderlege han har skapt. Sukhmanien sluttar med å seia at dei som les sukhmanien og prøver å leva i samsvar med han skal få helse, visdom, fred og opplysing; dei skal verkeleg nå Gud.