Sukhodolskoje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sukhodolskoje
Stad Priozersk distrikt i Leningrad oblast
Koordinatar 60°40′29″N 30°14′42″EKoordinatar: 60°40′29″N 30°14′42″E
Utsig Burnaja
Tilknytte land Russland
Største lengde 40 km

Sukhodolskoje (russisk Суходольское озеро, finsk Suvanto) er in stor innsjø på Det karelske neset i Priozersk distrikt i Leningrad oblast i Russland. Han høyrer til nedslagsfeltet til Vuoksi og renn ut gjennom Burnaja.

Opphavleg rann vatnet frå Sukhodolskoje roleg ut i Vuoksi gjennom elva Kiviniemi. I 1818 vart det grave ein kanal under ein vårflaum frå Sukhodolskoje til Ladoga og dette skapte Burnaja. Ho starta å drenere Sukhodolskoje og vassnivået i innsjøen fall 7 m. Kiviniemi tørka ut. I 1857 vart det grave ein kanal i Kiviniemi, men straumen snudde og rann andre vegen, skapte stryk og gjorde at det ikkje var mogeleg med transport på ho.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]