Sukkerrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sukkerrøyr


Saccharum officinarum - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-125.jpg

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Frøplantar
Klasse: Einfrøblada plantar
Orden: Poales
Familie: Grasfamilien
Slekt: Saccharum
Art: Sukkerrøyr
Vitskapleg namn
Saccharum officinarum

Sukkerrøyr (Saccharum officinarum) er ein fleirårig stråvekst som høyrer til grasfamilien. Sukkerrøyr vert ofte fire meter høgt med fem cm breie stenglar, med kvasse bladkantar og ei meterlang vippe. Odla sortar består av ulike hybridar som ikkje blomstrar, formeiringa skjer ved å ta stiklingar av bestøva plantar. Etter skurd kan nye skot skyte fram opp til åtte gongar før det er behov for nyplanting.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Or margen på stengelen vart pressa ei sukkerhaldig saft som vert koka og sila. Margsafta inneheld 18–20 % sukker som vert bruk i produksjonen av røyrsukker.

I Søraust-Asia vert ferskpressa sukkerrøyrsaft seld frå små gatehandlar. På Ny-Guinea er sukkerrøyret ein viktig del av levemåten. Røyrbitar vert teke med som føde på jakt- og fisketurar, med blada av planten vert nytta til taktekking av hytter. I Vestindia byrja ein tidleg å destillere sukkersafta til ein alkoholhaldig drikk, kalla rom. Rom frå øya St. Lucia er kjend for å vere av verdsklasse. Ein aukande del av sukkerrøyra vert nytta til å framstille etanol som drivstoff, marknadsført som E85.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Sukkerrøyret er ein urgammal kulturvekst som har vorte spreidd til alle varme trakter på jordklota. Lenge vart India rekna for heimlandet til sukkerrøyret, men truleg stammar det frå Polynesia. På Ny-Guinea skal det ha oppstått for cirka 12 000 år sidan gjennom tidleg föredling av den vilt veksande arten Saccharum robustum.

Dyrkinga av sukkerrøyr vart spreidd frå India gjennom Nord-Afrika til Spania under på 600-talet, med sukker vart innført i Nord-Europa gjennom krosstoga. Christofer Columbus planta sukkerrøyr i Karibia, der plantene treivst og gav grunnlag for ein sterk økonomi. Sukkerrøyr var ei svært viktig inntektskjelde for Portugal1500-talet, som dyrka planten i stor skala i Brasil.

Napoleonskrigane førde til at røyrsukker ei tid var mangelvare, noko som gjorde at det vart utvikla ei metode for framstilling av sukker frå andre plantar (sukkerroe). Om lag 30 % av verdas forbruk av sukker kjem i dag frå sukkerroer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sukkerrøyr