Sula fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sula fyrstasjon
Sula fyrstasjonFoto: Banangraut
Sula fyrstasjon
Foto: Banangraut
Fylke Sør-Trøndelag
Kommune Frøya
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1793/1909
Koordinatar 63°50.8485′N 8°27.1770′EKoordinatar: 63°50.8485′N 8°27.1770′E
Fyrtårn
Høgd 13,0 m
Form Fyrbygning med åttekanta tårn
Byggjemateriale Betong
Fyrlys
Lyskarakter Rundtlysande med tre blink kvart 30. sekund.
Lyshøgd 45,0 moh
Lysvidde 18,0 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1974
Avfolka 1974
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Sula fyrstasjon er eit fyr som ligg ved fiskeværet Sula i Frøya kommune i Sør-Trøndelag.

Sula fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Sula fyrstasjon

Fyrstasjonen er ein del av ei rekkje fyrstasjonar langs Sør-Trøndelagskysten i lag med Vingleia, Finnvær og Halten fyrstasjon. Det vart bygd to fyrtårn her i 1793 og 1804. Det noverande åttekanta tårnet i betong vart ført opp i 1909. Det vart då sett inn ei 2. ordens fransk lynblinklinse som framleis er i bruk.

I tillegg til fyrtårnet finst bustad, uthus, naust og landing. Fyret vart automatisert i 1974. Hausten 2005 vart fyret kjøpt av stiftinga Sula Fyr, som har restaurert stasjonen og leiger fyrbustaden ut til overnattingsgjester.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt hadde ein vêrstasjon på Sula fyr frå desember 1932 til desember 1974. Denne vart flytta eit stykke bort frå fyret i 1975 og ligg i dag 5 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,5 1,5 2,5 4,5 8,5 10,8 12,3 12,7 10,4 7,9 4,3 2,5 6,6
Nedbør (mm) 119 100 102 71 52 61 76 83 129 141 126 140 1200

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]