Sula kommune
-
Denne artikkelen handlar om kommunen i Noreg. For elva i Ukraina, sjå Sulaelva.
| Sula kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1531 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Adm.senter | Langevåg |
| Areal | 58 km² |
| Folkemengd | 8 250 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Geir Ove Vegsund (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.sula.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Sula kommune på Commons | |
Sula er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.
Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har den såleis vore sidan 1.1.1977.
Næringsliv [endre]
Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.
Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.
Fiskerstrand verft [endre]
Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.
Kjende folk frå Sula kommune [endre]
- Annbjørg Lien, (1971– ), felespelar og møbeldesigner.
- Jens Arne Molvær, (1940– ), musikar, typograf, skribent og reklamemann.
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre | Giske · Haram · Hareid · Herøy · Norddal · Sande · Skodje · Stordal · Stranda · Sula · Sykkylven · Ulstein · Vanylven · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund | |
| Romsdal | Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes | |
| Nordmøre | Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll | |