Sularevet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sularevet er eit av dei største kjende kaldtvasskorallrevkompleksa i verda. Sjølv om revet lenge har vore kjend for forskarar og fiskarar vart det ikkje dokumentert før Statoil starta arbeidet med gassrøyrleidninga for ilandføring av gass frå Haltenbanken. Selskapet oppdaga då Sularevet på 280-300 meters djup nord for Frøya. Revet er 13 kilometer langt, opp til 35 meter høgt og 700 meter breitt og består av mange nærliggande korallbankar bygd opp av steinkorallen Lophelia pertusa. Revet ligg i ei senking (Sularyggen) mellom Frøyabanken i sørvest og Haltenbanken i nordaust, ved om lag 64 °N og 8 °A. De eldste delane er over 8000 år gamle. Sularevet vart verna mot botntråling i mars 1999.

Fram til 2002 var dette det største Lopheilarevet ein kjende til i verda, før ein oppdaga Røstrevet som er 10 gonger større.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]