Suldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Suldal
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1134
Fylke: Rogaland
Administrasjonssenter: Sand
Flatevidd: 1 727 km²
Folketal: 3 823 (2008)
Politikk
Ordførar (2007-2011): Torkel S. Myklebust (Sp)
Målform: Nynorsk
Nettstad: www.suldal.kommune.no
Suldal på Commons

Suldal er ein kommune nordaust i Rogaland fylke med om lag 4000 innbyggjarar. Suldal ligg i Ryfylke- regionen. Kommunen grensar i nord mot kommunane Etne, Sauda, Odda og Vinje, i aust mot Bykle, i sør mot Hjelmeland og Finnøy, og i vest mot Vindafjord. Rett vest over fjorden er òg Tysvær kommune.

Kommunen er med sine 1740 km² den største i Rogaland, og landskapet strekkjer seg frå kyst- og fjordlandskap til dalføre, skogar og urørte fjellområde. Omtrent 8% av den samla vasskraftproduksjonen i Noreg skjer i kommunen, og dei store damanlegga og Blåsjø er verdt eit besøk.

Vasskraftutbygginga byrja på 1960-talet då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet vart omfattande regulert. Fyrst kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men òg store inntekter for kommunen, som får mykje av sine inntekter frå kraftproduksjon.

Ungkarsfestivalen vert kvart år arrangert på Suldalsosen. Kommunesenteret Sand er eit trafikk-knutepunkt, handels- og skulesenter. Der kan ein mellom anna finna spesialbutikkar, legekontor, apotek og tannlækjar. Suldal er òg vertskommune for Topp Volley Norge og har som mål å utdanne topp volleyballspelarar. Suldal har fostra mange volleyballtalent opp gjennom åra.


Rogaland
Bjerkreim | Bokn | Eigersund | Finnøy | Forsand | Gjesdal | Haugesund | Hjelmeland |  | Karmøy | Klepp | Kvitsøy | Lund | Randaberg | Rennesøy | Sandnes | Sauda | Sokndal | Sola | Stavanger | Strand | Suldal | Time | Tysvær | Utsira | Vindafjord
Personlege verktøy