Sule Skerry

Koordinatar: 59°05′N 4°25′W / 59.08°N 4.41°W / 59.08; -4.41
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sule Skerry
Geografi
Sule Skerry is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°05′N 4°25′W / 59.08°N 4.41°W / 59.08; -4.41
Øygruppe Orknøyane

Areal 0,16 km²

Høgaste punkt 12 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

Sule Skerry er eit særs fjerntliggande skjer i Nord-Atlanteren, utanfor nordkysten av Skottland.

Sule Skerry ligg 60 km vest for Orkney Mainland og det næraste naboskjeret er Sule Stack, som ligg 10 km lenger sørevst. Dei fjerntliggande øyane Rona og Sula Sgeir ligg enno lenger vest.

Sule Skerry er 16 hektar stor og om lag 800 meter lang.[1] Skjeret er 12 meter over havet på det høgaste.[2] Det står eit fyr på nordenden av skjeret og ein varde på sørsida.

Sule Skerry med fyr frå sør (teikning)
Landgangen 15. juli 1967

I følgje Guinness Rekordbok var Sule Skerry fyr det mest fjerntliggande bemanna fyret i Storbritannia frå 1895 til det vart automatisert i 1982. Sidan skjeret låg så langt til havs kunne ein berre bygget fyret om sommaren, så bygginga gjekk føre seg frå 1892 til 1894.

Det ligg ein meteorologisk bøye utanfor Skule Skerry.

Sule Skerry har i lag med Sule Stack status som Special Protection Area (særskild verneområde) og er hekkestad for tusenvis av lundefugl og havsule, samt noko stormsvale og havsvale.

Sule Skerry og Sule Stack høyrer begge til Orknøyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]