Sulitjelma
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Fauske | |
| Fylke | Nordland | |
| Folkemengd[1] | 419 (2012) | |
| Folketettleik | 551,3 /km² | |
| Areal[1] | 0,76 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 830 | |
| Postnummer | 8230 SULITJELMA | |
Sulitjelma (pitesamisk: Sulisjælbmá, Sulidælbmá; lulesamisk: Sulisjielmmá; svensk: Sulitelma, populært kalla «Sulis») er ein tettstad i Fauske kommune i Nordland. Sulitjelma har vegsamband til Fauske.
Namnet Sulitjelma er av pitesamisk opphav, med uklar tyding. Ei mogleg tolking er «terskelen til øyane», ei anna er «Sola sitt auga».
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Arkeologiske funn syner at Sulitjelma i meir enn tusen år har vore eit samisk område. Sommarbeite for tamrein er dokumentert attende til slutten av 1500-talet.
Først i 1848 slo dei norske rydningsfamiliane seg ned i Sulitjelma.
I 1858 vart det funne kopar- og svovelkis i området og det vart sett i gang ei avgrensa prøvedrift. Først då den svenske industrimannen Nils Persson i 1887 sikra seg rettane til forekomsten, vart det igangsatt gruvedrift av større omfang. Då undersøkingesarbeidet slo fast at forekomsten var drivverdig, vart Sulitelma aktiebolag etablert i 1891. Etter dette opplevde bedrifta og staden ei nærast eksplosjonsarta utvikling. Allereie tidleg på 1900-talet var gruveselskapet det største bergverket, og den nest største industribedrifta i Noreg .
Gruveselskapet produserte både svovelkis og kopar. På det meste hadde selskapet 1750 tilsette, dette var i 1913.
I 1983 heimfall bergverkskonsesjonen til staten som med det overtok gruvedrifta. Den siste resten av bergverksdrift i Sulitjelma var lagt ned i 1991.
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.