Sulley Muntari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sulley Muntari
Sulley muntari.jpg
Personleg informasjon
Namn Sulleyman Ali Muntari
Fødselsdato 27. august 1984
Fødestad Konongo i Ghana
Høgd 179 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Sunderland
Draktnummer 11
Ungdomsklubb
2001-2002 Ghana Liberty Professionals
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2002-2007
2007-08
2008-
2011-
Italia Udinese
Storbritannia Portsmouth
Italia Internazionale
Flag of England.svg Sunderland (lån)
125 (8)
29 (4)
62 (7)
0 (0)
Landslag**
2002- Ghana Ghana 57 (16)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 9. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 21. juli 2010.

Sulleyman Ali Muntari eller berre Sulley Muntari (fødd 27. august 1984) er ein fotballspelar frå Konongo i Ghana.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sulley Muntari starta karrieren sin i det ghanesiske Liberty Professionals, som han spelte for frå 2001 - 2002. I 2002 vart han seld til den italienske klubben Udinese, og spela for dei til 2007. Etter det vart han seld til britiske Portsmouth, der han blei verande til 2008 då han reiste tilbake til Italia, denne gongen til klubben Internazionale. I januar 2011 gjekk han derfrå på lån til Sunderland i engelsk Premier League.

Muntari har spelt for det ghanesiske landslaget sidan 2002. Han deltok m.a. i fotball-VM 2006 i Tyskland, Afrikameisterskapen i fotball i Ghana i 2008, og i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Eit afrikansk lag har aldri kome lenger enn kvartfinalen i VM i fotball, og Ghana tangerte denne rekorden då dei spela kvartfinale mot Uruguay i denne meisterskapen. I denne kampen skåra Muntari 1-0 før pause, men Uruguay utlikna i andre omgang og vann til slutt på straffespark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Sulley Muntari.