Sulmona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulmona

Sulmona er ein by og ein kommune i Provinsen L'Aquila i regionen Abruzzo i Italia. Kommunen har knapt 25 000 ibuarar og eit areal på 70,3 km². Byen ligg i ein breid dal der elva Gizio renn i hop med fleire mindre elvar. I før-romersk tid var byen ein av dei viktigaste i landområdet til folkegruppa pelignerane. I romersk tid vart byen omtala som Sulmo og er sidan den gong kjend som fødestaden for diktaren Ovid. Til hans heider er reist ein statue på plassen Piazza XX Settembre som ligg på hovudgata Corso Ovido, oppkalla etter nettopp Ovid.

I dag er Sulmona kjend som hovudstaden for produksjonen av konfetti i Italia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sulmona har eit typisk innlandsklima med varme somrar og kalde vintrar, med stor skilnad på dag- og nattemperaturar. Klimaet er turt med omkring 600 mm årleg nedbør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]