Svolt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sult)
«Sult» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sult (fleirtyding).
Vietnameisk mann etter å ha blitt sveltefôra i ein fangeleir i ein månad under Vietnamkrigen.

Svolt eller hunger er ei kjensle som oppstår når ein manglar mat eller anna næring. Ho kan skildrast som ei gnagande eller sugande kjensle under brystet. Kjensla gjer at ein ønskjer å eta — om ein ikkje gjer det, men svelt over lang tid, vil kroppen svekkast av underernæring, og ein kan døy. Svolt er eit stort problem på verdsbasis. SN sin Food and Agriculture Organization gjekk i 2009 ut frå at 1,02 milliardar menneske, ein sjettedel av alle menneska i verda, var underenærte.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Svolt er berre eitt av problema til denne famillien, der forsørgaren er arbeidslaus. Plakat for det amerikanske whigpartiet under «panikken i 1837».

Matmangel og svolt kan ha bakgrunn i uår, dårlege avlingar og liknande. Svolt kan likevel også i stor grad knytast til fattigdom, det vil seia at mat finst, men at store delar av ei befolkning ikkje har råd til han. Betre fordeling av ressursar og organisert matutdeling kan bidra til å motverke hungersnaud i svoltutsette område.

Vilja svolt[endre | endre wikiteksten]

Faste vil seia å gå gjennom svolt av andre grunnar enn matmangel, som regel av religiøse grunnar. Fleire religionar har visse fastetider der ein tek til seg lite eller inga næring over ein viss periode. Visse tankeretningar kan sjå på faste som godt for kroppen eller sjela.

Under ein sveltestreik tek ein til seg lite eller inga næring for å hevda eit politisk syn på ein synleg måte.

Ein kan også bruka svolt som ei form for ekstrem slanking, der ein ved å ikkje eta set i gang svoltmekanismar i kroppen som får han til å tæra på næringslager, noko som kan vera skadeleg. Slik slanking er lite effektiv fordi svoltmekanismen gjer at forbrenningsraten går ned, og kroppen vil prøva lagra meir mat når ein et normalt igjen. Svelteslanking er også knytt eteforstyrringar som anoreksi.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

«Hunger». Litografi av Heinrich Zille frå 1924.

I menneske tek svoltkjenslar til rundt 4 timar etter eit måltid. Då er fordøyinga avslutta, og kroppen gjer seg klar til å utnytta glykogen og feittlagra sine. Etter å ha tæra på lagra karbohydratar går kroppen over til å bryta ned protein frå musklane, som leveren omformer til mellom anna ketonkroppar.

Langvarig svolt kan føra til at ein føler seg svimmel, svimer av, får muskelkrampe og mister hår. Organ som nyrer og hjarte kan også ta skade.

Vaksne kan overleva i fleire veker utan mat, så lenge dei har tilgang på vatn. Barn, som treng næring til å veksa og ha eit sterkt immunforsvar, er meir utsette for svolt. Ifølgje ei utrekning frå 2005 døydde rundt 6,5 millionar barn under fem år årleg på grunn av underernæring.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • FAO om svolt
  • «svolt» i Nynorskordboka.
  • Bender, David A., red. (2009), «fasting», A Dictionary of Food and Nutrition, Oxford University Press 
  • Jennett, Sheila (2001), «starvation», i Colin Blakemore and Sheila Jennett, The Oxford Companion to the Body., Oxford University Press 
  • Kent, Michael, red. (1997), «fasting», Food and Fitness: A Dictionary of Diet and Exercise, Oxford University Press 
  • Kroeger, Alix (12 June, 2005), «Global walk to fund school meals», BBC News 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]